Forsking må hovudsakleg skje på engelsk| Vi forskar for å finna ny viktig innsikt, og denne har størst verdi om den er kvalitetssikra av dei mest kompetente fagfellene ein kan greia å engasjera i arbeidet vårt. Dei kan vera over heile verda, men alle har engelsk som felles arbeidsspråk.
Det globale forskarfellesskapet bidreg på denne måten til kvalitetssikring, men òg at ein ikkje kastar vekk ressursar på tema der innsikta allereie er på plass. Det er ei myte at god norsk samfunnsforståing krev forsking på norsk. Tvert om har «norske» samfunnsspørsmål god nytte av at forskinga vert utsett for krevjande blikk utanfrå.
Høg kvalitet i forskinga krev ambisiøs rekruttering| Forsking handlar om folk. God forsking krev at vi rekrutterar, og tek vare på, dei best kvalifiserte vi får tak i, heime og ute. Konkret betyr det å vektleggja fagleg kvalitet ved rekruttering, ikkje at ein har norsk som førstespråk.
Samstundes må vi òg gjera det meir attraktivt for nordmenn å velja ein forskarkarriere. Innan mange fagfelt er karriere- og lønsutsiktene så mykje betre i andre bransjar at akademia ikkje framstår som noko freistande alter