Samstundes med at digital undervising brått tok over, var ho i fjor ferd med å fullføre doktorgraden om samtalar på skjerm. Studien av «video-mediert tolking i sykehussamtaler», blei akutt relevant for eit langt breiare lag enn berre helsesektoren.
- I fjor underviste undervist eg, og tok også nokre kurs, og slik sett vore både undervisar og student. Eg har brukt tid på å tenke gjennom korleis vi brukar teknologien til å skape eit interaksjonelt rom, skape samhandling, men også korleis vi skal tilpasse læringsaktiviteten til det rommet vi er i. Vi må omstille oss, men vi manglar kunnskap om digital undervisning, seier Hansen, som er knytt til Senter for flerspråklighet ved Universitetet i Oslo.
Hår og svarte hol
Diskusjonen om svarte skjermar i undervisninga har fått fart siste dagane, etter at ei undersøking frå Høgskolen i Innlandet viste at sju av ti studentar skrur av kamera i digital undervising, heile tida eller delar av tida.
I Khrono gav professor ved den same høgskulen, Sylvi Rørvik, uttrykk for at studentane ikkje tar ansvar og gjer undervisninga dårlegare når dei skrur av kamera. Ho var lei av stirre på eit «svart hol».
Mange av studentane som vart intervjua i studien, forklarte svarte skjermar med at dei ikkje kjende seg presentable, og at dei for eksempel ikkje hadde fått ordna seg på håret.
Det å kunne vere trygg i det uvante digitale rommet kan vere nøkkelen til å få undervisninga