AddToAny

Kva er PoreLab og SapienCE? Spør du meg, så spør eg deg.

Kva er PoreLab og SapienCE? Spør du meg, så spør eg deg.
Aldri anna enn språk er ei spalte om språket i kunnskapssektoren. Vi har fått fast hjelp frå to terminologar, som her uttalar seg som språkmenneske og berre på vegner av seg sjølve.
Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i språkspalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Månadens tema er namna på sentra for framifrå forsking (SFF). Forskingsrådet tildeler etter søknad statusen til forskingsmiljø som eg vonar er framifrå (inni meg liker eg best å tenkje «excellent»). I 2017 vart det oppretta ti nye slike sentra, og Forskingsrådet har lagt seg trygt på den excellente sida i presentasjonen av dei på nettsida:

CanCell - Centre for Cancer Cell Reprogramming

Hybrid Technology Hub

Hylleraas Centre for Quantum Molecular Sciences

RoCS - Rosseland Centre for Solar Physics

RITMO - Centre for Interdisciplinary Studies in Rhythm, Time and Motion

QuSpin - Center for Low Dissipation Quantum Spintronics

PoreLab - Porous Media Laboratory

SapienCE - Centre for Early Human Behaviour

FAIR - Centre for Experimental Research on Fairness, Inequality, and Rationality

Centre for Fertility and Health

- Kva kjenneteiknar desse namna?

Våge: Namna og forkortingane på engelsk. Det er naturleg at namna har forkortingar, for fullforma skal dekkje mykje. Vidare har ein gått vekk frå tradisjonelle forkortingar - med den fyrste bokstaven i kvart ord - til meir kreative. Det er nærast ein bokstavleik. Namna skal nok signalisere at ein er innovativ og høyrer heime i forskingsfronten. Men den engelskspråklege logikken kolliderer med norsk i bruken av såkalla kamelord.

- Kamelord?

Våge: Når det dukkar opp ein eller fleire store bokstavar, som markerer eit nytt ledd midt i ordet, er det eit kamelord - til dømes CanCell. Men «kamelord» er ikkje ein etablert, norsk term.

- Aha. Ordet har ein pukkel! Men det vanlegaste er vel ein enkelt stor bokstav i midten. Då ville eg ha sagt at det var ein dromedar.

Kristiansen: No sende eg dykk ein illustrasjon. På engelsk heiter det altså «camelCase».

- Ordet på engelsk bruker bokstavane ganske grafisk. Og no skjøner eg endå meir. At logodyret til sigarettmerket Camel hadde berre ein pukkel, vart ofte påpeika i studietida. Då kunne dei mest opplyste seie at camel på engelsk kan tyde både kamel og dromedar.*

Våge: Vi snakka om kamelord då eg arbeidde i Språkrådet. Språkrådet kan altså ha innført ein anglisisme!

- Men kor kjem desse store bokstavane midt i ordet frå - utover at det vel skal sjå tøft ut?

Kristiansen: Det kan vere påverknad frå folk som driv med utvikling av programvare og har. ein sjargong med mange innslag av kjeldespråk eller programmeringsspråk. Denne sjargongen gjer seg gjeldande heilt opp til firmanamn og logoar. Tenk til dømes på PlayStation. À la dette har du PoreLab blant SFF-ane. Lingvisten David Crystal har forska på korleis internettet har ført til eit meir kreativt språk, som at kamelorda «vandrar» frå programmeringssjargongen til vanleg språkbruk.

Våge: Dette har med mellomrom eller ikkje mellom ord å gjere. Dersom programmet til dømes skal skjøne at noko er eitt begrep, eller ein kommando, må ein skrive det som eitt ord utan mellomrom. Språket under panseret i programmering og digitale løysingar formar i stadig sterkare grad språket i normal tekst. Det er eit døme på korleis medium og teknologi formar språkutvikling. Tradisjonelt vert ord forma, danna, forvalta i løpande tekst, no skjer det i stadig sterkare grad i IKT-system med eit kontrollert vokabular i botn.

- De meiner at programmerarane vert påverka av verktøya dei bruker, men kva mekanisme gjer at det spreier seg til andre miljø? Har folk lyst til å vise at dei har peiling?

Kristiansen: Mange er nok ikkje medvitne om kor påverknaden kjem frå. Men det er ein annan språkkonvensjon som spelar inn på SFF-namna: På engelsk bruker ein stor bokstav i alle ord i namn og overskrifter. Elles: Når det gjeld kvifor alle namn er på engelsk, ser eg at det er språket i søknadssituasjonen. Forskingsrådet krev at søknaden og alle vedlegg skal vere på engelsk.

- Søknadssituasjonen forklårar mykje. Kva treng ein elles namnet til?

Kristiansen: Namnet har ein digital eksistens, og når ein skal kommunisere internasjonalt, kan det vere ein fordel å oppgje at ein er tilkopla til dømes FAIR. Det må vere eit mål at namnet festar seg utover prosjektperioden, som eit fenomen, eit miljø, som verda kjenner til forskingsmessig. Dersom det gjer det, kan det vere eit teikn på at ein har lukkast med å byggje opp eit godt fagmiljø.

Våge: Men dersom nokon frå eit SFF vert intervjua av norsk dagspresse, kan ein ikkje presentere seg med FAIR. Namn i fullform på norsk er mykje betre. Elles må eg seie at av forkortingane her, har eg verkeleg sans for RITMO. Sjølv om det er inspirert av det spanske ordet for rytme, bryt det ikkje med det norske formverket og speglar mykje av innhaldet - rytme og rørsle. Dette namnet kjem eg til å hugse.

*No har eg sjekka og funne ut at ein dromedar strengt teke er ein kamel på norsk òg. Hierarkiet frå toppen er slik: dyr - pattedyr - partåa klovdyr - kameldyr - kamelfamilien - dromedar/einpukla kamel.

Image-text:

Månadens tema er namna på sentra for framifrå forsking (SFF). I 2017 vart det oppretta ti nye slike sentra.

Extra-info:

Fakta Månadens tema: namna på sentera for framifrå forsking (SFF) Lovnad om innhald: Ole Kristian Våge har sansen for namnet RITMO.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt