Eit av dei hyppigaste politiske tema er omgrepet "synleg politi".
Kva legg ein i definisjonen synleg politi?
Ein kan sjølvsagt stilla mange retoriske spørsmål rundt omgrepet, som:
Kva er verdien av synleg politi?
Er det andre viktigare prioriteringar som går før synleg politi?
Er synleg politi politipatrulje med bil og til fots, eller kan det tenkast at ein må utvida omgrepet?
Meir synleg politi vert ofte framsnakka og framheva som eit suksesskriterium, ja til og med som eit mål i seg sjølv.
For meg som leiar for politiet i Sogn og Fjordane, ville det vera enkelt å få topp utteljing på synleg politi. Eg kunne fått det meste av våre politiutdanna ut synleg i det offentlege rom, i staden for å driva målretta førebyggjande arbeid og etterforsking av alvorleg kriminalitet.
Også viktig å vera tilstade "usynleg"
La meg slå fast med ein gong, eg har stor tru på synleg politi og eit politi med forankring i lokalmiljøa som job