AddToAny

Kulturhistorisk museum ved UiO tapar 100 millionar på koronakrisa

Kulturhistorisk museum ved UiO tapar 100 millionar på koronakrisa
Fleire unviersitetsmusem har stor nedgang, og Vikingskipshuset blør. Men statsråd Henrik Asheim har ingen planar om krisepakke til universitetsmusea.
For mange av musea vil det låge besøket av utanlandske turistar denne sommaren få store konsekvensar. Museum under Kulturdepartementet kan søke krisestøtte for å klare seg over kneika, men universitetsmusea, som er eigd av universiteta, har ikkje fått pengar. Ved Kulturhistorisk museum i Oslo, der Vikingskipshuset er den store turistmagneten for utanlandske turistar, er situasjonen dramatisk. Museet var i fjor det best besøkte museet i landet med over 700 000 besøkande. Men denne sommaren var besøket i Vikingskipshuset 5-10 prosent av ein normal sommarsesong.

- I løpet av dette året og neste år reknar vi med å få eit inntektsbortfall på 100 millionar kroner på grunn av korona. Også neste sommar vil vere prega av epidemien, og sikkert også sterke restriksjonar på reising, seier museumsdirektør Håkon Glørstad.

Han seier dette får store konsekvensar for museet.

- Universitetet i Oslo (UiO), som eig museet, har vore heilt tydeleg på at ingen blir sagt opp på grunn av koronasituasjonen. Det er universitetet som har det økonomiske ansvaret, så dette er ein grunn til uro også for dei.

Håpar KD må sjå alvoret

Glørstad er også bekymra for det nye Vikingskipsmuseet, som skal byggast på Bygdøy.

- Vi vil stå utan midlar til å lage utstillingar i det nye museet. Sjølve bygget og sikring av skipa blir dekt over statsbudsjettet. Men mykje av arbeidet med utstillingar i det nye museet skal finansierast gjennom eigne inntekter og sponsormidlar. No er store delar av sponsormarknaden stengt ned på grunn av korona, så også desse inntektene fell bort.

Han håpar at Kunnskapsdepartementet (KD) ganske raskt vil sjå alvoret i situasjonen.

- Det har så langt ikkje vore vilje frå regjeringa til å sjå på situasjonen ved universitetsmusea.

Rammar fleire universitetsmuseum

For det er ikkje berre Kulturhistorisk museum i Oslo som har nedgang i besøkstalet. UiT Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag har mykje dårlegare besøk enn vanleg.

- Tala for juli er ikkje heilt klare enno, men vi kjem til å få rundt 70-80 prosent nedgang samanlikna med juli i fjor, seier museumsdirektør Lena Aarekol.

- Vi reknar med at vi frå juli og ut året vil ha berre 20 prosent av normalt besøk.

Universitetsmuseet i Bergen har i sommar vore delvis stengt, og har berre hatt omvisningar med eit avgrensa tal billettar.

- Besøkstala er difor ikkje samanliknbare med fjoråret, men dette har sjølvsagt ført til ein dramatisk nedgang i besøket, seier kommunikasjonsrådgjevar Camilla Ahamath.

- Vi ber om ei kriseløysing

Rektor Svein Stølen seier UiO har skrive brev til KD om den kritiske situasjonen ved Kulturhistorisk museum.

- UiO har følgd norsk museumspolitikk og har hatt høg ekstern finansiering basert på inntekter frå publikum. No tapar vi ikkje berre billettinntekter men har også mista sponsoravtalar. Så i denne kompliserte situasjonen ber vi om ei kriseløysing. Vi meiner staten må vere med på å dekke det store tapet, seier Stølen. Han peikar på at universitetet vil måtte bruke fleire hundre millionar på koronasituasjonen, blant anna skal stipendiatar og postdoktorar ha kompensert om dei blir forseinka.

- Så for oss er denne situasjonen ei stor økonomisk utfordring.

- Må kompensere for inntektssvikten

Nina Sandberg (Ap) som sit i Utdannings- og forskingskomiteen har tidlegare engasjert seg for bygging av nytt Vikingskipsmuseum.

- Regjeringa må ta økonomien ved museet på alvor, seier Nina Sandberg (Ap). Foto: Stortinget

Ho meiner regjeringa må kompensere for det store tapet ved Kulturhistorisk museum.

- Dette er alvorleg. Eg meiner at regjeringa må ta den vanskelege økonomien ved museet på alvor og finne løysingar som kompenserer for inntektssvikten.

Ho er også kritisk til at universitetsmusea ikkje har fått del av krisepakker på same måte som museum under Kulturdepartementet.

- Dette har Arbeiderpartiet vore opptatt av lenge, og det var difor vi foreslo kompenserande tiltak allereie før sommaren i samband med revidert nasjonalbudsjett, seier Sandberg.

Regjeringa vedtok då at museum med meir enn 60 prosent offentleg støtte, som hadde falle utanfor kompensasjonsordninga, måtte få kompensasjon.

- I Stortinget gjekk Ap inn for at også universitetsmusea, museum under KD, museum under Sametinget og kommunalt eigde museum må få kompensasjon. Dette har førebels ikkje regjeringspartia gått med på, seier Sandberg.

- Ingen planar om krisepakke

Men forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim(H) har ingen planar om å dekke tapet korkje ved Kunsthistorisk museum eller dei andre universitetsmusea.

- Universiteta må sjølve prioritere kva pengane skal gå til og gjere nødvendige justeringar i situasjonen vi no står i, skriv Henrik Asheim. Foto: Johanne Landsverk

- Universiteta og høgskolane er rammefinansierte. Det betyr at dei sjølve prioriterer kva pengane skal gå til og må sørgje for at dei kan gjere nødvendige justeringar i den situasjonen vi no står i. Skilnaden på universitetsmusea og andre er dermed at dei blir drivne av universitet som allereie får store overføringar, skriv Asheim til Forskerforum.

- Musea under Kulturdepartementet har fått krisepakker, så er det ikkje på tide at det også kjem ei pakke for universitetsmusea?

- Vi har ingen planar om å komme med ei eiga krisepakke for universitetsmusea. Men universiteta og høgskolane har fått betydeleg med pengar på andre område denne våren. Totalt kom det 1,6 milliardar kroner i det vi kalla for Utdanningsløftet 2020. Vi har sett av pengar til oppgradering og tilpassing av forskings- og undervisingslokale og til stipendiatar og postdoktorar som blei forseinka i løpa sine, for å nemne noko.

Svein Stølen har ingen kommentar til svaret frå Asheim.

- UiO har dialog med KD om dette i passande kanalar, seier Stølen.

Image-text:

- For oss utgjer tapet på 100 millionar veldig mykje, i tillegg til tap av sponsorinntekter, seier museumsdirektør Håkon Glørstad. Foto: Aksel Kjær VIdnes og UiO

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt