
Kronprinsesse Mette-Marit har fylgt med på arbeidet som syskenparet Kristin og Jørn Braa har gjort for å utvikla helseinformasjonssystemet HISP gjennom lang tid. Det var også ho som tok initiativet til dagens nettmøte med søskenparet, og ho fekk med seg kronprins Haakon på laget, får Uniforum opplyst frå Erik Abild i staben til kronprinsparet.
Jørn Braa kunne først smilande avsløra at han er nesten nabo med kronprinsparet og ser bort til Skaugumåsen frå huset sitt.
Fekk slutt på lastebilkø
Så tok systera Kristin Braa over og fortalde om ein konkret episode som viser korleis helseinformasjonssystemet HISP nyleg har kome til nytte. Ho viste fram eit bilete av ein lang kø med lastebilar.
- Nesten all varetransport i den sørlege delen av Afrika går gjennom Uganda. Denne køen oppstod fordi sjåførane mangla bevis på at dei hadde fått eit negativt svar på ein covid-19-test. Ved hjelp av det mobilbaserte programvaren som me har utvikla, DHIS2, kunne dei kontakta helsestasjonen som hadde tatt testen og senda over data til sjåførane. Så var det mogleg å få ei utskrift av det frå ein skrivar på grensestasjonen. På den måten kunne sjåførane kjøra vidare med varene sine, fortalde ho kronprinsparet.
Oppdaga første koronasmitta på Sri Lanka
Både Kristin Braa og broren Jørn Braa kom også inn på korleis det mobile helsedatasystemet var delaktig i oppdaginga av det første tilfellet av koronasmitte på Sri Lanka.
- Det blei oppdaga hos ein kinesisk turist på f