Utdanning
16.11.2018
Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan vil at barnehagelærarar skal dekke opp lærermangelen i dei første skoletrinna. At dei ikkje har mastergrad, meiner han ikkje er eit problem.
Grøvan, som er utdanningspolitisk talsperson for Kristeleg Folkeparti, tok i siste spørjetime på Stortinget opp at vi går mot lærarmangel, og at mangelen vil bli størst i dei første fire klassetrinna. Samstundes er vi i ferd med å få overskot på barnehagelærarar.
Les mer- Bør vi forsøke å få dei barnehagelærarane som ikkje trengst i barnehagen over i dei første klassetrinna i skolen, spurde han Iselin Nybø (V) minister for forsking og høgare utdanning. Ho kalla framlegget for svært godt og konstruktivt.
Se referatet frå spørjetimen her.
Kunnskap som skolen treng
- Nå er grunnskolelærarutdanninga blitt ei masterutdanning, medan barnehagelærarutdanninga er ei bachelorutdanning. Trugar omfanget av tilleggsutdanninga realismen i dette fra