Grunnen er at sjukehuset der dei skulle vera, blei stengt på grunn av det var oppdaga fleire tilfelle av personar i Seoul som hadde koronaviruset.
- Når reisa no er blitt avlyst, så er det slik sett greit at me er på den sikre sida, synest Oona Martine Østmo.
Sjukehus blei stengt
Ein viktig del av studieopplegget var å sjå nærare på pasientbehandlinga som blir utført av studentar og lærarane deira.
- Då me for tre veker sidan fekk melding om at sjukehuset var blitt stengt på grunn av at det var oppdaga 23 tilfelle av personar med koronavirus i Seoul, forstod me at det ville bli vanskeleg å få gjort det me hadde planlagt i Seoul, seier Line Løvberg.
UiO oppfordrar alle som skal ut på reise om å fylgja råd frå Utanriksdeparte