Den 12. mars varsla regjeringa om drastiske tiltak for å slå ned koronapandemien i Noreg. Mellom tiltaka var stenging av barnehagar, skular og universitetet. For Det odontologiske fakultetet ved UiO slo det ut dobbelt for der måtte dei stengja ned i samsvar med både retningslinjene til UiO og dei som gjeld for tannhelsetenesta i Noreg.
- I den første tida var det berre pasientar med naudsynt behov for tannbehandling som fekk sleppa inn på klinikkane til fakultetet, opplyser dekan Pål Barkvoll.
- Det er klart at når me har 50 000 pasientbesøk i året på Noregs største tannklinikk og me mister inntektene frå eigenbetalingane til pasientane og refusjonane frå Helfo over trygda eller frå avtalar med fylkeskommunar, så får det konsekvensar, seier Pål Barkvoll til Uniforum.
Milliontap for odontologi både i Oslo og i Bergen
Det var Khrono som tysdag melde at Det odontologiske fakultetet kan ha tapt opp til 14 millionar kroner på dei tapte inntektene. Situasjonen er ikkje blitt betre av at fakultetet frå tidlegare hadde eit underskot på 22 millionar kroner i 2019, og tidlegare utrekningar har vist at underskotet kan bli nesten dobla i 2023, om ikkje noko blir gjort. Også tannlegeutdanninga ved Universitetet i Bergen har tapt mange millionar på koronatiltaka