AddToAny

Kontroll mot spionasje kan ramme norske statsborgarar. - Mykje står på spel

Personar med norsk statsborgarskap kan risikere å ikkje få jobbe eller studere på universitet og høgskular når Utanriksdepartementet skjerpar kontroll med kunnskapsoverføring til ei rekke land.
Det er den såkalla eksportkontrollen det dreier seg om, som er meint å sikre at norske varer, data og kunnskap ikkje blir tatt i bruk av framande makter til utvikling av masseøydeleggingsvåpen.

- Mykje står på spel for folk, sidan dette også handlar om rett til arbeid og utdanning, seier professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitet Oslo, Vibeke Blaker Strand, til Khrono.

Forskings- og utdanningsinstitusjonane veit ikkje, Utanriksdepartementet (UD) veit ikkje, forskarane og studentane veit enno ikkje: Må norske borgarar, som også har pass frå andre land, ha lisens frå UD for å kunne få jobbe, forske og studere i Noreg?

Må ungane deira søke styresmaktene om lov til å studere kjemi i landet dei er fødde i?

Departementet har varsla ein høyringsrunde, etter at sektoren reagerte med bekymring i juni, like etter at Utanriksdepartementet la fram planane for strengare kontroll med kunnskapsoverføring.

Bakgrunnen er fleire hendingar ved norske institusjonar, og rapportar frå Politiets sikkerheitsteneste (PST), som fryktar spionasje frå land Noreg ikkje har tryggleikssamarbeid med, primært Kina, Iran og Russland. Totalt dreier det seg om meir enn 70 land, som Noreg ikkje har noko form for tryggleikssamarbeid med.

PST har skulda universita for å vere naive i si tilnærming til faren for spionasje.

- Kan bli veldig vanskeleg

Strand understrekar at ho ikkje har problem med å sjå behovet for å unngå at sensitiv kunnskap hamnar i feil hender.

Professoren trur samstundes kontrollregimet kan bli svært komplisert å gjennomføre i praksis, og at det ligg ei klar kjelde til konflikt mellom omsyna til nasjonal tryggleik og lovfesta rettar for norske

Les mer

Flere saker fra Khrono

Mener Khrono kritiserer ph.d-avhandling på uinformert grunnlag og i strid med avhandlingens premisser.
Khrono 16.10.2021
Universiteter og høgskoler er perfekte flørtearenaer, mener professorer.
Khrono 16.10.2021
Dagens regjering aksepterer at nettselskapene kan tappe studentene for penger, uten at studentene får noe ekstra for utgiftene.
Khrono 16.10.2021
Det er sløsing med talent når stipendiater ikke gjennomfører, mener prorektor ved OsloMet, som vurderer nye tiltak for å få flere gjennom på kortere tid. Hun etterlyser også nye indikatorer fra departementet.
Khrono 16.10.2021
«I noen fagmiljø har det blitt betydelig færre norske vitenskapelige ansatte og dette er noe vi bør og skal jobbe med. Denne innsatsen skal ikke gå på bekostning av våre internasjonale kolleger»
Khrono 16.10.2021

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt