Uniforum
10.09.2017
Regjeringa foreslår å auka løyvinga til Arven etter Nansen med 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2018. Det fører til at styresmaktene frå 2018 stiller med ein samla sum på 60 millionar kroner.
- Dette er eit fantastisk nyhende, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth til Uniforum.
Les merSATSAR PÅ HAVFORSKING: Regjeringa og ti forskingsinstitusjonar set saman i gang storsatsinga "Arven etter Nansen." Målet er å få ny kunnskap om økosystema i dei sentrale og nordlege delane av Barentshavet fram til Polhavet. Biletet er frå havområdet utanfor Svalbard.
Foto: Yngve Vogt/Apollon
Når regjeringa går inn for å løyva 60 millionar kroner til forskningsprosjektet Arven etter Nansen i 2018, må dei andre forskingsinstitusjonane som er med i prosjektet gi den same summen. Til saman vil prosjektet kosta 800 millionar kroner. Planen er at forskinga skal gi forskarane ny kunnskap om havområda i det sentrale og nordlege Barentshavet og fram til Polhavet.
- Skal fylla kunnskapshol
Biologipr