Universitetsavisa
19.03.2019
Om ein professor som har fått sparken, likevel brukar tittelen professor, risikerer han eller ho å bli straffa med bøter. Det er svaret Kunnskapsdepartementet gir den oppsagte UiO-professoren Arnved Nedkvitne.
Den oppsagte professoren ved UiO, Arnved Nedkvitne, har lenge insistert på at han har rett til å kalla seg for professor emeritus etter at han blei pensjonist. Etter at mange fagfellar hadde kritisert han for å gjera det, sende han for kort tid sidan to brev til Kunnskapsdepartementet for å få eit klart svar på spørsmålet, skriv Uniforum.
Les merNo ligg svaret føre og konklusjonen er klar: «Den som er avskjediget eller fradømt sin stilling, har ikke rett til å bruke tittelen professor», står det i svaret frå avdelingsdirektør Rolf L. Larsen og fagdirektør Erling H. Dietrichson i Kunnskapsdepartementet.
Varslar bøter
I brevet viser dei også til at professor er ein verna tittel og peikar på universitets- og høgskulelova sine paragrafar 6-7. Den som har hatt stilling som professor i minst ti år, eller som etter kortare tenestetid blir pensjonert frå slik stilling, har rett til å bruka tittelen, går det fram av brevet. Dei varslar og