AddToAny

Journalistutdanning - helst ikkje

Journalistutdanning - helst ikkje
- Skriv som om du er Gud. Til slutt skal denne kommentaren handla om journalistutdanning, den norske varianten. Men fyrst: Planen var å verta lektor.
Eg var ikkje den ivrigaste av studentane; eg arbeidde ved sida av, og eg festa vel for mykje. Men eg las no bøkene, diskuterte i kantina, prata med professorane, skreiv oppgåvene og drog på studietur til USA. For å seia det slik: Eg visste stort sett alltid kva eg måtte gjera, kva som vart venta av meg - og til slutt var det gjort; eg hadde skrive dei 200 sidene om president Eisenhowers Kina-politikk.

Skal ein få fast stilling som lektor, må ein ha det som heiter Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Eg byrja om hausten. Kort tid etter skulle eg til rettleiing for den fyrste obligatoriske gruppeoppgåva; rettleiaren var spesialpedagog og kvinne, alle dørene i den korridoren eg gjekk inn i, hadde kvinnenamn på namneskilta. Men før rettleiinga måtte eg på do. Eg gjekk inn på herretoalettet og bort til pissoaret. I det stod det seks langstilka, raude plastroser. Eg vart forvirra, eg gjekk ut att i korridoren. Der gjekk eg på rettleiaren min, ho såg visst at eg såg noko undrande ut.

- Er det noe spesielt?

- Eh, kanskje, sa eg. - Det står nokre raude plastroser i urinalet.

- Men Jon, sa ho. - Er det ikke flott at et så sterkt mannlig symbol kan brukes til noe så vakkert?

Eg forstod stort sett aldri kva pedagogane venta av meg. Bortsett frå nokre få timar i fagdidaktikk var alt meta, berre meta. PPU var formas totale siger over innhaldet. Eg var ikkje nett åleine om å meina det, stort sett alle diskusjonar i kantina byrja med noko slikt som: «Kva pokker var dette for noko?» Sett vekk frå tre månader med praksis, sat dei fleste av oss att med kjensla av å ha kasta bort eitt år av livet.

Det kokar ned til dette enkle: Undervising er og vert ein erfaringsidrett - dét og god og konkret fagkunnskap. Ingen fransk poststrukturalistisk psykolog eller tidleg russisk materialistisk pedagog kan førebu deg på det du møter i skulen.

Les norske journaliststudentar George Orwell, studerer dei reisebreva til Knut Hamsun, les dei Italia-essaya til Hans E. Kinck eller The Economist? Skriv dei essay om den amerikanske borgarkrigen, studerer dei årsakene til krakket i 1929? Eller for den del: Lærer dei seg kommareglane?

Nei, stort sett ikkje. Dei konsentrerer seg om form og teknikk. Meistrar dei så teknikken og forma når dei kjem ut i ein redaksjon? Nja dei brukar vel om lag like lang tid på å læra seg handverket som dei som ikkje har gått på ei norsk journalistutdanning.

Norske journalistutdanningar - og her byggjer eg berre på samtalar med andre journalistar og nokre redaktørar (ikkje berre Per Egil Hegge), men eg har ikkje sett noko vitskapleg underbygt prov på noko anna - er for norske journalistar det Praktisk pedagogisk utdanning er for norske lektorar: eit metastudium, og for dei fleste praktiske føremål bortkasta tid.

Skal ein få arbeid i nett The Economist, må ein helst ha ein grad frå Oxford eller Cambridge, ein doktorgrad i finansteori er òg bra. Når dei tilsette spør om korleis dei skal skriva - og dette har eg frå ein journalist i bladet - får dei til svar:

- Skriv som om du er Gud.

Og skal ein det kunne gjera, må ein ha grundige kunnskapar, omfattande skrivetrening og grunngjeven sjølvtillit. Min påstand er enkel: Dei komande norske journalistane - og lesarane og sjåarane deira - er mykje betre tente med å utdanna seg til filolog, siviløkonom, jurist, lækjar, ja, til og med tannlækjar, enn å nytta tid til å studera ved ein norsk journalisthøgskule.

Dessutan: Dei ørsmå produksjons- og distribusjonskostnadene på nettet har i alle høve køyrt maknadsverdien av dusinjournalistikken mot null, noko som meir enn talar for at også den tilhøyrande utdanningsvegen kjem til å døy ut. Ved den grava vert det ikkje felt mange tårene.

Men korleis var det dei gjorde det, alle desse gamle AKP-arane på journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo, dei som før hevda at all sann kunnskap måtte ta utgangspunkt i historisk materialisme? Kva var det dei fora journaliststudentane med, korleis fekk dei så godt som alle som var innom utdanninga til enda opp som tilhengjarar av ein banal og venstreorientert sinnelagsetikk?

- Beats me, som han pla seia det, VG-journalisten i Hallo i Uken.

Image-text:

Betre å utdanna seg til tannlækjar, meiner Jon Hustad. Foto: Crestock.com

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt