AddToAny

- Ikkje forsvarleg å rettferdiggjera akademisk framandfrykt

UiO-professor Jan Helge Solbakk meiner det er ei uheldig timing med debatt om auken i talet på utanlandske forskarar, samtidig som ein ser politiske strøymingar i ei brunare retning i Europa. Han får motbør frå professorkollega Øyvind Østerud.
Våren 2017 skreiv professor i statsvitskap Øyvind Østerud ein kronikk i Aftenposten der han stilte spørsmål ved auken i talet på utanlandske tilsette i vitskaplege stillingar på norske universitet. Innhaldet i kronikken vekte stor debatt og førte mellom anna til panelsamtale i Vitskapsakademiet mellom forskarane Øyvind Østerud, Kalle Moene, Ellen Rees, Arnfinn Haagensen Midtbøen og Malcolm Langford.

Kritiserte utanlandske forskarar for ikkje å delta i samfunnsdebatten

Den 24. september tok den same debatten fyr igjen etter eit intervju med forskar og jurist Cecilie Hellesveit i Khrono Forskaren frå Folkerettsinstituttet meinte mange av dei utanlandske vitskaplege tilsette ikkje deltar like mykje i den offentlege debatten i media og på andre scener som vitskaplege tilsette med norsk bakgrunn gjer. Etter hennar oppfatning har heller ikkje alle dei utanlandske forskarane nok kunnskap og kjennskap til norsk kultur og samfunnsforhold til at dei kan naudsynte bidrag til det norske samfunnet.

NMBU-rektor la seg flat

Utspelet til Cecilie Hellestveit fekk NMBU-rektor Curt Rice til å koma med ei kraftsalve mot henne i Khrono, der han oppfordra norske media til ikkje å intervjua henne. Dagen etter la amerikanaren Curt Rice seg heilt flat med orda om at han var så godt integrert i Noreg at han visste når det var på sin plass å leggja seg paddeflat. Det var eit slikt tilfelle. Seinare kom jussprofessor Mads Andenæs ved UiO med eit anna utspel i Khrono der han meinte det var uhøfleg og ukollegialt av Cecilie Hellestveit og andre forskarar å kritisera utanlandske forskarar.

- Uheldig timing

Ein av dei som no reagerer sterkt mot synspunkta til Cecilie Hellestveit og støttespelarane hennar er Jan Helge Solbakk, professor i medisinsk etikk på Universitetet i Oslo. Han tykker debatten tar ei svært uheldig retning.

- Eg blei ganske forskrekka då eg las det første oppslaget, dels på grunn av det som blei sagt og dels på grunn av timinga. No er det så mykje fokus på immigrantar og flyktningar, og me ser politiske strøymingar i fleire europe

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt