AddToAny

- Hysteriet om trusselen mot ytringsfridomen er større enn trusselen mot ytringsfridomen

- Hysteriet om trusselen mot ytringsfridomen er større enn trusselen mot ytringsfridomen
Det er ein myte at ytringsfridomen er under press i akademia, meiner doktorgradsstipendiat Tellef Solbakk Raabe.
Han boblar opp på Twitter og i debattinnlegg her og der, den framstormande mediesosiologen og doktorgradsstipendiaten ved Universitetet i Cambridge, Tellef Solbakk Raabe.

Raabe, for tida koronafast gjesteforskar ved Universitetet i Bergen og på heimekontor på Møhlenpris (der han i nokre år hadde bistilling som popartist), har fått nok.

Nok av konfliktjagande media, spesielt Khrono, Forskerforum og Morgenbladet. Nok av det han meiner er å spinne myten om fare for amerikanske tilstandar, om at ytringsfridomen er under press ved universitet og høgskular.

Nok av spesielt eín professor, som Raabe omtalar som «mannen bak 'ytringsfriheten er truet'», og som vi skal komme tilbake til.

- Det blir nærast parodisk at ein som er professor, har stillingsvern, makt og påverknad skulle føle seg trua. Hysteriet om at ytringsfridomen er trua er eit større problem enn at ytringsfridomen er trua, seier stipendiaten til Khrono.

Raabe seier han gjerne inviterer «mannen bak 'ytringsfriheten er truet'» på kaffi, for polarisering er ikkje Raabes metode.

- Konstruert myte

Det er for mange ein relativt fersk terminologi som svirrar på norske universitet og høgskular om dagen. Strukturell rasisme, avkolonisering, identitetspolitikk, krenkekultur, kansellering og avlysingskultur.

Avlysingskulturen, cancel culture, som det heiter på amerikansk, går ut på å avskilte, boikotte og fjerne meiningar og menneske som ikkje blir sett som akseptable, eller som krenkande. Men avslysingskulturen eksisterer eigentleg ikkje, hevdar Raabe:

- Dette er ein politisk konstruert myte i forlenginga av omgrepet «politisk korrekt», ein retorisk strategi funne opp av amerikansk høgreside for å sverte motstandarar.

Ikkje det at Raabe ikkje har fått med seg at det finst døme på folk som faktisk blir fråtekne posisjonar etter å ha sagt ting som er trygt innanfor ytringsfridomens grenser, slik Forskerforum sette fokus på nyleg. Men han meiner eksempla er forsvinnande få, altfor få til å kunne snakke om ein kultur, eller eit reelt problem. Han er på linje med professor og kjønnsforskar ved UiB, Randi Gressgård, som i Forskerforum sa det same, avlysingskulturen er dikta opp av amerikansk, politisk høgreside. Ho meinte «seriøse» undersøkingar viser at ytringsrommet tvert imot er blitt utvida i akademia.

Raabe forsikarar at han sjølv ikkje kjem til å slutte opp om om å fjerne statuar av Ludvig Holberg eller «kansellere» nokon som helst, men støttar justering av innhald på informasjonsplakettar og liknande.

- Poenget er at ytringsfridomen ikkje er i fare, ikkje generelt, og ikkje i akademia. Bekymringa er ute av proporsjonar. I Kina og Saudi-Arabia er det mangel på ytringsfridom, ikkje i Noreg, og ikkje USA eller Storbritannia.

Men i media trillar altså historiene likevel fram i ein jamn straum, også her i Noreg. Om tyskervitsar, om Linné-benk, krenkande Holberg-statuer, og ein førsteamanuensis på NTNU som mellom anna blir refsa for å ytre

Les mer

Flere saker fra Khrono

Sofie Høgestøl mener det å leve gjennom pandemien kan gi innsikt i hvordan det er å leve i land med sterkere statskontroll.
Khrono 02.12.2020
Enmetersregelen gjør at møteromskapasiteten blir halvert. Regjeringen ber nå Statsbygg utrede hjemmekontor som del av en varig framtidig løsning.
Khrono 02.12.2020
Regjeringen og Frp har lagt inn driftsmidler til det rettsgenetiske senteret i Tromsø i statsbudsjettet. Anne Husebekk, rektor ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet, jubler.
Khrono 02.12.2020
Hvordan kommer Sannhets- og forsningskommisjonen til å tilnærme seg metodisk fortidens mørke hendelser, og anvende den til å fortolke dagens situasjon, spør Lill Tove Fredriksen
Khrono 01.12.2020
Budsjettforlik med Frp tirsdag kveld. Nokut-sjef Kristin Vinje er overrasket og skuffet. - Bak mål, sier studentleder.
Khrono 01.12.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt