- Ganske upålitelege til å peika ut ein smitta person
Konstituert fagleg direktør på Statens Serum Institutt Tyra Grove Krause kjem derfor med fylgjande konklusjon:
- Undersøkinga vår viser at hurtigtestar (antigen-testar)er ganske upålitelege til å peika ut ein smitta person. Me kan sjå at 47 prosent av dei som er smitta med korona, får eit negativt testsvar etter ein hurtigtest. Dei er altså testa falskt negativ, seier ho om undersøkinga, går det fram av pressemeldinga frå Statens Serum Institutt i Danmark. Også fleire danske og norske media har vidareformidla dette nyhendet, blant andre Politiken og VG.
- Må lata seg koronatesta på vanleg måte
Den danske undersøkinga avdekte også at 45 prosent av dei som fekk positive svar frå ein hurtigtest, likevel ikkje var koronasmitta. Formaninga frå Tyra Grove Krause er difor svært