Torsdag 17. juni var innflyttingskabalen for Livsvitskapsbygget endeleg klart. Då vedtok Helse Søraust å gi grønt lys for at delar av Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus også kunne flytta inn i det som blir Noregs største forskingsbygg når det står ferdig i 2025. Av det samla arealet på 97 000 kvadratmeter vil Klinikk for laboratoriemedisin få disponera 30 000.
Internt på Klinikk for laboratoriemedisin er det likevel ikkje så attraktivt for Hormonlaboratoriet å flytta inn i Livsvitskapbygget når dei må forlata andre fagmiljø som dei har samarbeidd med på Akers sykehus. Immunologisk seksjon ved Rikshospitalet var opphavleg tenkt å bli plassert inn i bygget, men dei sa etterpå nei. den første som sa nei. Dermed måtte klinikkleiinga finna andre avdelingar som kunne flytta inn for å få kabalen til å gå opp. Då fall augo på Hormonlaboratoriet.
Kort varsel
På få dagars varsel fekk seksjonsleiar Venke Skeid melding om at Hormonlaboratoriet var blinka ut til å flytta ut frå bygg 22 og 23 på Akers sykehus til å flytta inn i Livsvitskapsbygget. Det fekk henne til å skriva eit brev til klinikkleiar Andreas Matussek der ho gjer det klart at eit samla fagmiljø i Hormonlaboratoriet går imot ei flytting til Livsvitskapsbygget. Ho peikar på at det er vesentleg for Hormonlaborotoriet å vera nær det kliniske endokrinologiske miljøet ved sjukehuset både på Rikshospitalet og Aker. Seksjonsleiaren trekkjer fram at endokrinologi er eit relativt lite fagområde og at Akermiljøet med Hormonlaboratoriet har vore det største fagmiljøet sidan laboratoriet blei starta opp i 1959.
En lite tillitvekkende prosess
Også leiaren for Avdeling for endokrinologi Lene K. Seland synest det er viktig at Hormonlaboratoriet blir verande på Aker. Også for å ta vare det gode arbeidsmiljøet og halda oppe inntektene sjukehuset får frå andre frå heile landet og Skandinavia på grunn av prøvane som vert utførte av Hormonlaboratoriet, tykkjer seksjonssjef Venke Skeid at det vil vera ein fordel både for Hormonlaboratoriet og Aker sjukehus at Hormonlaboratoriet får halda fram i dei 3000 kvadratmeter store lokala i bygg 22 og 23 på Aker.
Brevet hennar blir avslutta med eit sterkt åtak på framgangmåten i denne saka. Vi vil også påpeke at prosessen har vært «uryddig» slik vi ser det. Det er vanskelig å se at HSØ sine prinsipper for medvirkning har vært ivaretatt. Å bli hasteinnkalt til møte og få presentert at laboratoriet foreslås flyttet fordi forskningsgrupper fra andre avdelinger har sagt nei til å flytte til et forskningsbygg oppleves som en lite tillitsvekkende prosess, skriv ho i brevet til leiaren for Klinikk for laboratoriemedisin, Andreas Matussek.
Brevet blei skrive 27. mai og blei også lagt ved sakspapira då styret for Helse Søraust tok endele