- Eit streikeuttak har som formål å ramma først og fremst arbeidsgivar, men når offentleg tilsette streikar, er det veldig vanskeleg å ikkje ramma ein tredjepart. Våre oppgåver er jo knytt til nettopp forvaltninga, understrekar Natalia Zubillaga overfor Uniforum i ein epost. Ho peikar på at NTL organiserer alle stillingsgrupper på UiO og har ei breidde i medlemsmassen som viser seg i sjølve uttaket, spesielt når det er så mange som blir tatt ut.
- Her er alle representerte
- Me har mange medlemar innanfor administrasjonen og vitskaplege grupper, og blant reinhaldarar og i drift. Staten består av mange tilsettegrupper, dette gjeld også for universiteta - grupper som er avhengige av kvarandre for at universitetet skal gå rundt og få løyst samfunnsoppdraget sitt. Her er alle representerte, også i vårt uttak, slår ho fast.
Inf