AddToAny

HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot med 12,5 millionar kroner

HF-dekan vil dekkja IFIKK-underskot med 12,5 millionar kroner
Dekan Arne Bugge Amundsen har føreslått å gi eit tilskott på 12,5 millionar kroner frå HF-budsjettet for å dekkja underskotet ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK).
Tilskottet skal dekkjast med kutt på andre budsjett.

VIL DEKKJA UNDERSKOT: HF-dekan Arne Bugge Amundsen føreslår at IFIKK-underskotet blir dekt med eit samla tilskott på 12,5 millionar kroner.

Foto: Ola Sæther

Det er i forslaget til fordeling av det samla budsjettet til HF på 642,7 millionar kroner, det går fram at IFIKK får ein auke frå 70,2 millionar i 2018 til 85,2 millionar kroner på budsjettforslaget for 2019. Desse pengane skal dekkja det underskotet som har bygt seg opp hos instituttet gjennom fleire år. Samtidig får dei andre institutta på HF ein heller liten auke, medan Institutt for musikkvitskap og Institutt for media og kommunikasjon må tola eit kutt på høvesvis rundt 3,4 millionar og om lag 2,5 millionar kroner.

Dette er forslaget til budsjett for IFIKK for 2019:

IFIKKs 2018-budsjett: 70, 202 millionar

IFIKKs 2019-budsjett 85,245 millionar Inkludert ekstra støtte på 12,5 millionar for å dekkja akkumulert underskot)

Endeleg budsjettavgjerd 26. oktober

Framlegget til budsjettfordeling var oppe til diskusjon i fakultetsstyret 21. september og kjem opp igjen til endeleg avgjerd i møtet den 26. oktober. Det vil skje like før dekanvalet tar til den 28. oktober. Eit viktig poeng er også at ein stor del av underskotet på IFIKK blei opparbeidd dei åra Mathilde Skoie var instituttleiar der. No er ho prodekankandidat for Frode Helland, som er sitjande dekan Arne Bugge Amundsens motkandidat under dekanvalet i månadsskiftet oktober/november.

I budsjettdokumentet går det fram at fakultetsleiinga tidlegare har forklart styret om den vanskelege økonomiske situasjonen ved IFIKK. Derfor vedtok instituttet i juni ein spareplan, og det har også sett i gang med dei første tiltaka for å redusera meirforbruket i langtidsperioden fram til 2021. Likevel vil meirforbruket halda fram i høg fart, går det fram av bakgrunnsnotatet frå dekan Arne Bugge Amundsen. Derfor har han føreslått to mellombels tiltak for å støtta opp under instituttet sitt arbeid med å bringa økonomien i balanse på lang sikt.

Dette er den føreslåtte fordelinga til dei andre institutta:

IAKH: 2018: 63, 473 mill.

2019: 63,471 mill.

IKOS: 2018: 62,414 mill.

2019: 62, 537 mill.

ILOS: 2018: 89,082 mill.

2019: 89,562 mill.

ILN: 2018: 91,524 mill.

2019: 92,310

IMK: 2018: 36,860

2019: 34,501

IMV: 2018: 36,860

2019: 33,379

DNIR: Det norske institutt

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt