Uniforum
24.01.2020
I dag overtar Henrik Asheim (H) etter Iselin Nybø (V) som minister for forsking og høgare utdanning. Litt før klokka halv tolv kom han saman med dei andre i trepartiregjeringa til Erna Solberg ut på Slottsplassen.
Henrik Asheim (36) er ikkje heilt ukjent med å vera minister for forsking og høgare utdanning. Hausten 2017 var han i rundt to månader vikar for Torbjørn Røe Isaksen, som var ute i foreldrepermisjon. Då tok Henrik Asheim også ein tur til Universitetet i Oslo der han fekk omvising av mellom andre rektor Svein Stølen. No har regjeringa Erna Solberg kome ut på Slottsplassen etter statsråd og alle dei nye personane i ministerpostane er no stadfesta av regjeringa.
Les merFrå januar 2018 har Asheim vore leiar av finanskomiteen på Stortinget. Han kjem frå Jong i Bærum kommune og var leiar for Unge Høgre frå 2008 til 2012. I stortingsperioden 2013-2017 var han medlem av Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.
Iselin Nybø har vore forskings- og høgare utdanningsminister sidan Venstre kom med