AddToAny

Helsestasjonen hjelper foreldre til å gi barna gode søvnvanar

Helsestasjonen hjelper foreldre til å gi barna gode søvnvanar
Helsesjukepleiarane må kartleggje godt kva den einskilde familie strevar med. Saman med familiane finn dei ei løysning på søvnproblema.
Hovedbudskap

Foreldre har ofte spørsmål om søvn, legging og samsoving til helsesjukepleiaren på helsestasjonen. Barn har ulikt temperament, og foreldra har gjerne eigne sterke meiningar om kva som er gode søvnvanar. Det er nyttig for helsesjukepleiarar å ha god kunnskap om barn, søvn og korleis ein kan støtte foreldra i å etablere gode søvnvanar for barnet sitt.

Om lag 25-50 prosent av 6-12 månader gamle barn har problematiske nattoppvakningar, og om lag 50 prosent har vanskar med å sovne eller leggje seg ved 12 månaders alder (1). Rolege spedbarn med god tilstandsregulering vert gjerne kalla «snille» og får foreldra til å kjenne seg kompetente, medan urolege barn bidreg til det motsette (2).

Formålet med studien

Denne oppgåva er eit litteraturstudium basert på sekundærdata, der formålet er å få fram kva som er kunnskapsstatusen på eit visst felt (3). Barn og søvn er gjenstand for mykje forsking. Kriteriet mitt for val av forskingsartiklar er at dei er nye og/eller store (4-7).

Det tidlege mor-barn-samspelet

Barnet har ein ibuande sosial kompetanse. Alt etter korleis barnet vanlegvis oppfører seg, vert det oppfatta som krevjande, sensitivt, sårbart eller temperamentsfullt. Ut frå korleis barnet er, vert det stilt ulike krav til foreldra.

I «det gode samspelet» er foreldra sensitive og tilgjengelege overfor signala frå barnet. Dei tolkar signala og dekkjer behova til barnet. Barn som vert møtte med denne forståinga, til dømes ved at dei vert trøysta når dei er lei seg, vert kjende med sine eigne følelsar, og dei lærer etter kvart å regulere dei.

Å få ein god søvnrytme er ei sentral utviklingsoppgåve dei første leveåra.

Evna til å sovne og sove kontinuerleg er ein viktig del av denne sjølvreguleringa. Gode søvnvanar inneber at barnet kan sovne sjølv utan assistanse (8). Der foreldra har teke over for mykje av sjølvreguleringa til barnet, ved rugging eller kroppskontakt, bidreg det til at barnet ikkje utviklar evna til å roe seg sjølv (2).

Å få ein god søvnrytme er ei sentral utviklingsoppgåve dei første leveåra (4). Nokre gongar vert det etablert så negative samspelssirklar kring barnet sitt søvnmønster at det går utover det kjenslemessige forholdet mellom barnet og foreldra (1).

Foreldra hjelper barnet til å sovne trygt ved å ha eit kjent leggjeritual, fast sengetid om kvelden og fast døgnrytme med nokolunde same rekkjefølgje for leik, trilletur, måltid og søvn. Barn bør leggjast i senga når dei er søvnige, men vakne.

Der gode vanar ikkje er tilstrekkeleg for å få barnet til å sovne av seg sjølv, tilrår enkelte «gråtekur». Formålet er å lære barnet å sovne med minst mogleg merksemd frå foreldra. Kuren er effektiv, svært godt dokumentert og har ingen skadelege biverknader. Oppfølging og støtte frå helsestasjonen er ofte vesentleg for eit vellukka resultat (1, 9).

Utviklinga til barnet, 6-12 månader

Når barnet er blitt seks månader og har starta med fast føde på dagen, er det ikkje lenger nødvendig med nattmåltid av ernæringsmessige omsyn, og barnet kan lære seg å sove heile natta. I denne alderen kan barnet vere redd framande, andre familiemedlemar og nye situasjonar (separasjonsangst).

Det er derfor naturleg at barnet er sutrete, engsteleg og klengjete ein periode i denne alderen. Dette kan få konsekvensar for legginga. Dei fleste barn søv to gonger om dagen, i om lag 1-2 timar kvar gong.

Nattesøvnen er på om lag 10-12 timar, og den lengste soveperioden er 7-9 timar i strekk. Vurdering av om barnet er trøytt om dagen, er viktig for å vurdere om det får nok søvn (1, 2, 9).

Slik er søvnen til barna

Søvn vert gjerne delt inn i 5 stadium. Stadium 1-4 blir kalla NREM-søvn (Non Rapid Eye Movements) eller «stille søvn». Stadium 5 er REM-søvn (Rapid Eye Movement), som blir kalla «drøymesøvn» eller «aktiv søvn», og det ligg tett opp til vaken tilstand.

Gjennom natta varierer søvnen mellom dei ulike stadia. Det første leveåret er det om lag 60 minutt mellom kvar syklus, og det er ikkje uvanleg å «halvvakne» litt i overgangen mello

Les mer

Flere saker fra Sykepleien

I dag var det styremøte i Sykehuset Østfold. De som forventet at sykehuset ville legge søksmålet mot de fire sykepleierne bort, ble skuffet.
Sykepleien 22.09.2020
Nesten alle pasienter som døde etter å ha blitt smittet av koronaviruset, hadde en kronisk sykdom ved siden av, viser tall fra Dødsårsaksregisteret.
Sykepleien 22.09.2020
- Politikerne har et valg. De kan velge å gi helsepersonell en anstendig lønn fremfor å sultefore dem. Det er en god investering for hele samfunnet, skriver Paal André Grinderud. Forfatteren har selv har opplevd hvordan det er å være pasient.
Sykepleien 21.09.2020
Mens CRP og blodsukker kan tas med et lite fingerstikk, bør hemoglobin tas venøst.
Sykepleien 21.09.2020
Sammendrag Bakgrunn: Seksuelle overgrep innebærer alvorlig kriminalitet som kan medføre store lidelser og tap av helse.
Sykepleien 21.09.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt