Kjøkkenskriveren
29.06.2021
Navn/rolle/arbeidsted: Kristin Tesdal, seksjonsleiar kjøkkenet, Voss sjukehus, ein avdeling i Helse Bergen.
Aktuell med:
Kjøkkenet på Voss sjukehus er ein liten avdeling med 7 årsverk, pluss lærling. Me har ansvar for produksjon av alle måltida til pasientane, kantinedrift og møtemat.
Dei siste åra har me hatt mange endringar. Tidlegare hadde me middag kl. 13.00, medan no har me lunsj kl. 12 og middag kl. 16. Endringa førte til at kjøkkenpersonalet fekk endra heile turnusen sin med forskjellige vakter frå 07.00 om morgonen og heilt til kl. 19.00 på kvelden og nye arbeidsoppgåver utan auka ressursar/budsjett. Kjøkkenet har hatt ein stor jobb med å dokumentere alle oppskrifter, og har jobba med næringsberekning av desse. Noko arbeid står att med justeringar av menyen, for at alt me serverer til pasientane skal vera i tråd med anbefalingane for energi og næringstett kost. Me har hatt ein grundig gjennomgang og kvalitetssikring av spesialkostane. Klinisk ernæringsfysiolog har vore med på arbeidet, og alt skal vera oppdatert etter gjeldande retningslinjer i kosthandboka. Arbeidet er ferdigstilt og vert gjort elektronisk tilgjengelig for alle på både kjøkken og sengepost i desse dagar. Målet er at alle som handterer mat skal ha den same forståing for dei forskjellige spesialkostane og at alle skal ha god kunnskap om dei ulike kostane for både produksjon på kjøkkenet og i møte med pasientane på sengepost.
Siste nytt på kjøkkenet vårt er konsistenstilpassa kost/mosa mat som har fått fine fasongar med silikonformer. Dette starta me med for berre nokre veker sidan.
Kjøkkenet på Voss sjukehus er bygd på byrjinga av 1960 talet og det er no på høg tid med ei fornying av bygg, eventuelt endring av drift. Det har vore eit prosjekt angåande dette, der prosjektgruppa har komme fram til at vidare drift som produksjonskjøkken er den beste løysinga med tanke på både miljø, økonomi og kva
Gå til medietKjøkkenet på Voss sjukehus er ein liten avdeling med 7 årsverk, pluss lærling. Me har ansvar for produksjon av alle måltida til pasientane, kantinedrift og møtemat.