Uniforum
26.05.2020
-Avgjerda om å lata mange tilsette jobba i ope landskap i Domus Juridica har ført til fleire vanskar, spesielt kom det på spissen etter at koronapandemien starta. Det seier direktør Gentian Zyberi på Norsk senter for menneskerettar.
Dermed støttar Gentian Zyberi kritikken professor i politisk filosofi Andreas Føllesdal har kome med mot Eigedomsavdelinga ved UiO.
Les merDet var sist fredag Andreas Føllesdal kom med ei verbal kraftsalve mot Eigedomsavdelinga på Universitetet i Oslo i eit debattinnlegg i Uniforum. Hovudkravet hans var at Eigedomsavdelinga måtte bli meir lydhøyre for behova til dei tilsette. Han oppfordra derfor UiOs styre til å koma på bana, for etter hans meining, ser ikkje UiO-leiinga ut til å forstå kva som er på spel.
Kritiserer behandlinga av SFF
Dei to døma som han trekkjer fram som bevis på at Eigedomsavdelinga ikkje har fylgt opp dei ynska tilsette har hatt, er behandlinga av Senteret for framifrå forsking, (CSMN-senteret) på Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) og etableringa av arbeidsplassar i