AddToAny

- Hadde vi starta på nytt, trur eg mange hadde definert alkohol som illegalt

Blir det lov å ta seg ein joint i Norge, kan rusforskar Willy Pedersen bli blant dei første som prøver seg.
Arbeidsdagen er omme. Du lukkar døra til kontoret. Men i kva grad tar du med deg det du lærer, inn i resten av livet ditt? Vi har spurt forskarar om korleis fagkunnskapen deira pregar dei i kvardagen.

Sosiologiprofessor Willy Pedersen hugsar ein hyttetur med skuleklassa til eitt av borna sine. Han var ein av fem vaksne. Etter at ungane hadde lagt seg, trakk ein av dei andre fram tre flasker vin.

- Då spurte eg om det var ein god idé. Vi var langt frå folk, tenk om det vart brann eller eit av borna vart sjuk. Eg visste også at eit av barna hadde ein forelder med alkoholproblem.

Ein av dei andre sa noko slikt som: «Vi veit at du er professor i alkohol, men likevel»

- Det var svært følsamt. Eg trur det enda med at vi symbolsk sat og nippa til kvart vårt glas.

- Øydela du stemninga?

- Ja, eg gjorde det.

Eit farleg stoff

Pedersen, som i dag er professor ved Universitetet i Oslo, var i trettiåra då han begynte å forske på rus. Sidan har han medverka til fleire endringar i ruspolitikken. Han er tilhengar av streng alkoholregulering, vinmonopol og høge avgifter.

Tidleg opplevde han at alkoholmisbruk fekk store konsekvensar for folk han kjende godt. Samtidig såg han at forskinga var eintydig: I kjølvatnet av for mykje alkohol finn ein alle menneskelivets skuggesider: sosiale problem, vald, samlivsbrot, skadar, ulykker, somatiske sjukdommar, psykiske lidingar, sjølvmord.

- Det vart tidleg klart for meg at alkohol er eit veldig farleg stoff.

Kjenner eit ansvar

Han opplevde etter kvart at fuktige lag med venner kunne bli ubehagelege, og han begynte å redusere sitt eige konsum. Nokre gonger prøvde han å snakke med venner om alkoholforbruket deira. Fleire vart irriterte.

- Dei fleste taklar jo bruken på ein ålreit måte. Men i eit selskap med tjue personar vil det ofte vere ein eller to som strevar meir enn vi veit. Dess fuktigare miljø den personen er i, dess meir sannsynleg er det at han eller ho får problem.

- Gjev kunnskapen deg eit ansvar?

- Ja, eg har forska i mange år og synest at eg har ei forplikting til å seie noko både offentleg og privat. Difor har eg skrive mykje om alkohol som undervurdert skadefaktor og hatt mange hundre foredrag for fagfolk, i helsesektoren og på skular.

Heller ein joint

Ifølge Pedersen tyder mykje forsking på at cannabis er noko mindre skadeleg enn alkohol. At ein godt vaksen person tar ein joint mild marihuana ein laurdag kveld er truleg mindre farleg for helsa enn om same person drikk fire eller fem glas vin.

- Neste gong eg er i New York, kan eg kanskje tenkje meg å prøve ein mild joint. Dei har nettopp legalisert. No kjem nok Tyskland etter.

Kanskje vil han gjere det same i Noreg, om det blir legalisert her òg, fortel han. Dette trur han mange kan bli provoserte av.

- Til dei vil eg seie at vi vi femti år har levd under eit regime der vi har blitt einauga opptekne av det som tilfeldigvis er definert som illegale stoff. Hadde vi starta på nytt, trur eg mange hadde definert alkohol som illegalt. Heroin og marihuana er to heilt ulike ting, og her treng vi eit meir ope ordskifte.

Les fleire intervju med forskarar om liv og lære:

Image-text:

Willy Pedersen har redusert alkoholforbruket og slutta med festrøyking, men han har ikkje kutta alle rusmiddel. - Eg meiner ikkje at eg skal vere eit personleg førebilete. Men når eg blir spurt, er det heilt greitt å svare, seier han. Foto: Silje Pileberg

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt