BUSKAP
15.10.2018
Sommaren kom tidleg, men har vore ei utfordring i Sør-Norge med ekstrem tørke og dårlege avlingar. Fokus har vore å få nok fôr, medan kvaliteten har vore underordna. I Nord har det vore motsett; sein vår, kaldt og mykje regn. Men kva viser så resultata av fôrprøvene så langt i haust?
Per medio september er det analysert 2 200 prøver av 1.slåtten og 470 prøver av 2.slåtten med næringsanalyse. Dette er 150 fleire prøver enn på same tid i fjor. I år var det rekordtidleg 1.slått i Sør-Norge, og det er nok årsaken til nokre fleire prøver enn på same tid i fjor. Næringinnhald og gjæringskvalitet i 1. og 2. slåtten på landsbasis hittil i år er vist i tabell 1.
Høgt tørrstoff
Karakteristisk for årets fôr er høgt tørrstoff. Flotte hausteforhold ga god fortørking også i område som ofte har mykje regn. Vanlegvis ligg tørrstoffet på 30 til 33 prosent på landsbasis, men hittil i år er gjennomsnittet over 40 prosent både på 1. og 2.slåtten. Variasjonen er sjølvsagt stor; det er prøver under 20 og over 80 prosent. Figur 1 viser gjennomsnittleg tørrstoff per fylke for 1.slåtten samanlikna med i fjor. Alle fylka, bortsett frå Trøndelag, har høgare tørrstoff på 1.slåtten i år enn i fjor. Dette gjeld også for dei nordlegaste fylka, sjølv om det foreløpig er få prøver særleg i Finnmark. Høgast tørrstoff er det
Gå til medietHøgt tørrstoff