Både museumsdirektør Håkon Glørstad, styeleiar Ellen Horn og UiO-rektor Svein Stølen sende før helga eit brev til regjeringa der dei oppfordra den til å gjera alt den kan for å setja i gang bygginga av nytt Vikingtidsmuseum som planlagt, sjølv om det er behov for å revidera byggjeplanane ein del. Tre dagar seinare blei dei bønnhøyrde.
For 22.juni 2022 kom Kunnskapsdepartementet med gladmeldinga om at regjeringa hadde bestemt seg for å utvida ramma til prosjektet med 700 millionar kroner til 3,1 milliardar kroner. Rett nok 300 millionar kroner mindre enn det UiO og museet meinte var nødvendig for å kunna byggja eit nytt museum heilt i samsvar med intensjonane i vinnarutkastet «Naust». Det blir derfor skore ned på publikumstilbod spesielt retta inn mot barn og unge.
- Me får fortgang i byggjeplanane
Då Uniforum møter Håkon Glørstad utanfor Vikingskipshuset på tomta til nytt Vikingtidsmuseum er han mest nøgd med at dette vil seia at bygginga kan koma i gang nesten etter planen.
- Det er grunn til å gleda seg over tre ting. No blir det ikkje fleire forseinkingar og me får fortgang i byggjeplanane. Samlinga blir også tatt vare på på ein ordentleg måte og sikringa blir tatt godt vare på no.