Elevane må få praktisk meistringstru gjennom konkrete arbeidsoppgåver. Tilsette på Høgskulen på Vestlandet
Vi les i skissa til læreplanen at det å kunne lese, å kunne uttrykke seg munnleg og å kunne rekne skal vere grunnleggande dugleikar i faget. For oss er det imperativt at eit nytt praktisk fag i grunnskulen må nyttast til praksis. Elevane må få praktisk meistringstru gjennom konkrete arbeidsoppgåver.
Vidare meiner vi at dette er noko som må kome alle elevar til gode; det nye praktiske handverksfaget må ikkje bli eit valfag, men eit obligatorisk fag for alle elevar. Oppfatninga byggjer bl.a. på evalueringsrapportane frå det samanliknbare valfaget Arbeidslivsfaget som viste at elevar med relativt svake skulefaglige prestasjonar klart var overrepresenterte- og at nokre var plasserte i faget utan å ha valt det sjølv (Bakken, Dæhlen og Smette, 2013, s. 9 og 12). I tillegg får elevar som tar Arbeidslivsfaget mindre valfridom dersom dei seinare ynskjer å gå studiespesialiserande. Dette har gjort at Arbeidslivsfaget blir eit uaktuelt fag for mange kvalifiseringsorienterte ungdomar og deira foreldre (Hestholm, 2016). Blir det nye Praktiske handverksfaget eit valfag er det fare