AddToAny

Gjekk live i siste liten, øyreproppen datt ut, mens ho hadde mikrofonen i eine handa og leia ein alpakka med den andre

Gjekk live i siste liten, øyreproppen datt ut, mens ho hadde mikrofonen i eine handa og leia ein alpakka med den andre
Marit Eide hiv seg gjerne rundt når det trengs. I spalta «Morgenrutinen» stiller Journalisten dei same spørsmåla på e-post til ei rekke personer som er tett på mediebransjen. Marit Eide er journalist i P3.no.
Her kan du lese flereMorgenrutinen.

- Kaffi eller te?

- Kaffe med ein god klunk mjølk, takk!

- Kva har du på nattbordet?

- Boka «Den edle kunsten å gi f**n» (julegåva frå sjefen), eit smykkestativ, handkrem og ei vekkarklokke med litt for høg tikkelyd, som eg fekk av mor mi då eg var eleve år gammal.

- Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

- Dersom eg har ein travel dag framfor meg, tenkjer eg på jobb nesten med ein gong eg står opp, mens på rolege dagar går eg i jobbmodus etter at kaffien er inntatt. I det siste har eg lagt meg til vanen med å sjå på «Nyhetsmorgen» på NRK mens eg et frukost, og så tar eg som regel ein tur innom NRK.no, forskning.no og Seher.no, hehe.

- Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

- «Store viltområder over heile verda blir freda: - Vil få stor betydning for dyrelivet og klimaet»

- Kva er ditt beste tips for å finne gode saker?

- Hent inspirasjon frå din eigen kvardag! Er det noko du lurer på eller tenker på, gjeld det nok mange andre også.

- Kva er den tynnaste saka du nokon gong har laga, og kvifor blei ho likevel publisert?

- Det trur eg må vera ei sak frå eit par-tre år sidan, då eg laga eit innslag for «God morgen Norge», om korleis sædkvaliteten til hundar hadde falt drastisk dei siste åra. Det begynte vel eigentleg som ein spøk som alle lo av då eg foreslo saka på morgonmøtet, men det er jo ein artig og interessant tematikk. Eg ville finna ut kva som kunne vera mogelege årsaker til denne utviklinga, og min entusiasme smitta nok over på reportasjeleiaren, som til slutt gav meg grønt lys til å få på innslaget.

- Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

- Då ville eg ha valt den amerikanske politikaren Alexandria Ocasio-Cortez. Det kan ikkje vera lett å vera ein venstrevridd, kvinneleg minoritet med sterke meiningar i USA. Det er beundringsverdig med menneske som er så engasjert i det dei driv med at dei står støtt gjennom tøffe kvardagar, prega av hets og trugslar. Det kan ikkje vera lett.

- Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

- Då vil eg seie mi evne til å hiva meg rundt når det trengs. Eg har alltid trivst best med eit høgt tempo, og synest det er kjekt med dagar der eg kom på jobb med ein plan, men så må eg sleppa alt eg har i hendene og gjera noko heilt anna - og det kjapt. For nokre år sidan måtte eg avlysa champagnefrukosten eg hadde planlagt, då TV 2 spurte meg på føremiddagen 16. mai om eg ville fly opp til Trondheim og vera live der neste dag. Då hadde eg berre vore live eit par gongar før, så det var ganske skummelt, men spennande. Ikkje spør om korleis det gjekk!

- Kva er det kjekkaste eller raraste du har opplevd i jobben?

- Det må ha vore då eg skulle ha min aller fyrste «live» for «God morgen Norge», men ingenting gjekk etter planen. Eg vakna klokka 04.00 på natta til meldinga om at fotografen hadde fått omgangssjuke, så liven vart avlyst. Så vakna eg igjen ein halvtime seinare av at vaktsjefen ringte: Han hadde fått tak i ny fotograf.

- Me råkøyrde til ein alpakkagard i Sigdal, men då me kom fram var det berre att ein halv time av sendinga. Eg stod klar framfor kamera tjue sekundar før me var på live, og dei tre nøye planlagde livane vart komprimerte til eitt langt innslag. Eg hugsar at øyreproppen datt ut av øyra under liven, mens eg hadde mikrofonen i eine handa og leia ein alpakka med den andre. Det var ein ganske surrealistisk dag.

- Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

- Eg jobbar mykje med sosiale medium for P3, så i haust har eg fylgt prøveprosjektet «P3 Meninger». Unge som har ei meining om stort eller smått, deler sine tankar i ein videokronikk og inviterer til debatt i kommentarfeltet. Det er inspirerande å sjå engasjementet, og den konstruktive og saklege debatten som oppstår.

- Mange unge synest det er vanskeleg å engasjera seg i frykt for å bli hetsa på SoMe, men gjennom dette prosjektet har me sett at så lenge nokon legg til rette for det, vågar fleire å seia si mening.

- Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

- Mediebransjens største utfordring er å halda på truverdet og tilliten til publikum, i tid der konspirasjonsteoriar og falske nyhende sirkulerer. Om folket ikkje har tillit til oss, vil dei søkja informasjon andre, meir tvilsamme stadar. For oss i P3 er målet å spegla unge sin kvardag og ikkje minst å nå dei unge. Dette er alltid ei utfordring, særleg når me har sosiale medium og trendar som endrar seg heile tida.

- Kva kan journalistar og mediehus gjere for å betre tilliten til dei redaksjonelle media?

- Gjennom å vera objektive, tydelege og gje rom for meningar. Me må ikkje la våre eigne meiningar farga språket i ein artikkel. Vår jobb er å legga fram fakta, slik at folk kan gjera seg opp si eiga mening, basert på den informasjonen dei får. Det trur eg er viktig, jamfør det eg nemnte i førre spørsmålet.

- Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

- Det må vera videoen av den frustrerte mannen som står og ropar utanfor huset sitt, etter storminga av Kongressbygningen i USA. Den samtalen han har med kvinna i bilen, viser så tydeleg frustrasjonen, ubalansen og redselen for utviklinga i landet. Den gjorde eit stort intrykk på meg.

- Når loggar du av for kvelden?

- Eg prøver å ikkje vera for mykje på mobilen på kveldstid. Det er noko med å kopla av før ein skal legga seg, slik at ein er klar til å kopla seg på att neste dag. Men den er jo alltid med på badet, slik at tannpussen blir litt meir underhaldande.

Image-text:

- Eg har alltid trivst best med eit høgt tempo, og synest det er kjekt med dagar der eg kom på jobb med ein plan, men så må eg sleppa alt eg har i hendene og gjera noko heilt anna - og det kjapt, seier Marit Eide.

Foto: Privat

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt