Bamsefar et blåbær og andre bær heile hausten til det tyt ut av øyrene på han. Så legg han seg i hiet og sovnar. Skrur temperaturen ned eit par grader, men er klar til action om han blir forstyrra i sin djupe søvn. Bjørnar er det vi kallar varmblodige og er stabilt varme, slik som oss, men kan sove heile vinteren ved å fyre med forbrenningsvarme.
Humlemor, derimot, må ha ein annan strategi for å overleve vinteren. Ho er kaldblodig og har kroppstemperatur som vekslar med miljøet rundt. Humlemor kan ikkje lagre feitt og difor heller ikkje halde varmen oppe gjennom vinteren ved å fyre opp feittet, slik bamsefar gjer.
Humlemor er mor og dronning, men i motsetnad til i The Crown bestemmer ho berre over seg sjølv om vinteren. Re