Norsk Landbruk
15.11.2018
Kvifor har ingen forska på bruk av biologiske ensileringsmiddel? Sporar og ensilering viste seg å vere eit brennbart tema.
Det fekk eg erfare etter å ha skrive om at Tine Rådgiving justerer på råda sine etter at dei gjennomførte eit sporeprosjekt i fjor.
Les merSaka på norsklandbruk.no var lausriven frå artikkelen om Arne og Sven Gunnar Kolnes sin veg ut av sporeproblema. Dei oppdaga at eit biologisk ensileringsmiddel gjorde slutt på sporeproblema dei sleit med i åtte år, og funna i Tine Rådgiving sitt sporeprosjekt støtta deira konklusjon. Biologiske ensileringsmiddel fungerte like godt mot anaerobe smørsyrebakteriar som Kofa-produkt gjer.
Nettartikkelen førte ikkje berre til varmgang i debatten, men til full fyr i fleire leirar. På den eine sida hadde ikkje Tine sine rådgjevarar høyrt om den nye kunnskapen, og blei gjerne ståande svar skuldige når ivrige bønder ringte og ville vite meir. På den andr