AddToAny

Fryktar at Stord blir det nye Nesna

Tilsette og studentar ved Høgskulen på Vestlandet Campus Stord fortel at det herskar ei uro for framtida til campusen. Prorektor Liv Reidun Grimstvedt forsikrar om at det ikkje er grunn til bekymring.
Stord (Khrono): I ein øykommune like sør for Bergen finn ein Noregs eldste noverande utdanningsinstitusjon som tilbyr lærarutdanning. Grunnlaget for det som i dag heiter Høgskulen på Vestlandet Campus Stord blei lagt heilt tilbake i 1838.

Historia vil ha det til at lærarutdanninga blei lagt til nettopp Stord fordi innbyggarane i det vesle øysamfunnet var kjende for å vera gudfryktige. Stord-plasseringa skal også ha vore med omsyn til studentane, og målet var at dei ikkje skulle lata seg freista av dei mange tilboda som fantes i dei større byane, i dette tilfellet Bergen, og heller ha fullt fokus på sjølve utdanninga.

Nesten 180 år seinare, 1. januar 2017, blei Campus Stord ein del av Høgskulen på Vestlandet (HVL), ein høgskule som har ambisjonar om å bli universitet i 2023.

Leiinga har forståing

På Stord har ein sett ein aukande bekymring blant dei tilsette når det gjeld campusen sin framtidige eksistens. Mange fryktar eit nytt Nesna-scenario, der Nord universitet sjølv valde å legga ned studiestaden på Nesna.

Det handlar om økonomien sin nådelause logikk. Krava om intensivert forsking og auka tal artiklar kjem frå styresmaktene, og har etter kvart forplanta seg i universitets- og høgskulestyra. Hein Berdinesen Førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, HVL Campus Stord

Leiinga ved HVL har forståing for at folk er urolege.

- Slik som debattane har vore dei siste åra - og framleis er - er det ikkje vanskeleg å forstå at folk er urolege, seier prorektor for samhandling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Liv Reidun Grimstvedt.

Ho er snar med å understreka at ho sjølv ikkje er bekymra, men at ho forstår at dei tilsette ved Campus Stord kan kjenna på ein uro når det gjeld framtida. Debattane ho siktar til er mange og ikkje minst kompliserte. Fleire av dei mindre studiestadene i Noreg er under press.

- Eg har stor tru på at prosjektet vårt, som handlar om at me skal tilby utdanning over heile Vestlandet, poengterer prorektoren.

Også HVL-rektor Berit Rokne er tydeleg på at det ikkje foreligg planar om å legga ned nokre av dei fem studiestadene på Vestlandet. I eit lesarinnlegg i Khrono tidlegare denne veka, som i hovudsak er eit svar til ein leiarartikkel i Sogn avis om framtida til høgskulane, skriv Rokne følgjande:

- Me har ingen planar om å sentralisere aktiviteten vår. Me skal styrka og utvikla campusane våre. HVL er tufta på den regionale krafta langs heile Vestlandet. Det står klart i strategien og fusjonsplattforma vår, skriv Rokne.

Fryktar nytt Nesna

I 1994 blei Stord lærarhøgskule og Stord sjukepleiarhøgskule slått saman med to institusjonar i Haugesund, og gjort om til Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). 1. januar 2017 blei HSH ein del av Høgskulen på Vestlandet.

I 2023 har Høgskulen i Vestlandet som mål å bli universitet, og etter fusjonen i 2017, er dette blant årsakene til at både tilsette og studentar ved Campus Stord er uroa for framtida.

Samstundes har dei tilsette på Stord sjølvsagt merka seg kva som har skjedd ved Nord universitet, der effektivisering og stadig meir svekka økonomiske rammer til slutt førte til at studiestaden på Nesna blei lagt ned.

Førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Campus Stord, Hein Berdinesen, har mange tankar kring både fortida, notida og framtida til Noreg sin eldste noverande institusjon for lærarutdanning. Aller mest er han uroa over korleis det han kallar «effektiv drift-tenkinga» har etablert seg som ein standard i sektoren, heilt sidan tellekantsystemet tredde i kraft i 2006.

- Når forskarar i utdanningssektoren treff på kvarandre i dag, handlar det ikkje lenger om innhaldet i faget, men om korleis ein skal laga strategiar for å få midlar til forskinga, seier Berdinesen.

«Økonomien sin nådelause logikk»

Tellekantsystemet er i grove trekk ein publiseringsindikator for universitets- og høgskulesektoren, der hensikta er å gjera forskinga målbar for å kunna tildele midlar til forsking på grunnlag av vitskapleg produksjon. Systemet har vore gjenstand for kritikk, då mange meiner at det i for stor grad vektlegg kvantitet føre kvalitet, men ein rapport frå 2014 konkluderte med at systemet også har sine positive sider.

- Tellekantsystemet har slik eg ser det ført til eit større press på dei ulike institusjonane og sjølvsagt også på forskingssektoren. Ein blir målt på kor mange publikasjonar ein har per forskarhovud. Det er talet på publikasjonar som er viktig for dei einskilde fakulteta. Eit høgt tal genererer pengar og status. Det heile blir ein konkurranse om å produsera mest mogleg. «Mål-mentaliteten» har fått sett seg i veggane og institusjonane er blitt bedrifter, seier Berdinesen.

Dersom ein høgskule skal bli akkreditert som universitet, er det mange krav som på oppfyllast. Mellom anna må institusjonane kunna tilby fire doktorgradsprogram,

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt