Khrono
04.12.2020
Dersom verda ikkje har vorte meir normal att til neste haust, er Dag Rune Olsen, styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, uroa for konsekvensane.
Studentane rapporterer om at dei får dårlegare undervisning enn før. Det kjem fram i den ferske tilstandsrapporten frå Norsk studentorganisasjon (NSO). NSO har spurt studentorganisasjonane om røynsler frå dei første koronamånadane.
Les merFleire rapporterer om at studentar tek kontakt og seier at dei ikkje får like god undervisning som før, og skilnadane i tilbodet er store.
- Kvaliteten på undervisninga har ikkje vore like god som vanleg. Det trur eg alle ser, seier Dag Rune Olsen.
Han er styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, og i tillegg rektor ved Universitetet i Bergen.
Ikkje berekraftig
Olsen viser til den brå overgangen i mars, der undervisninga måt