Eigentleg hadde han tenkt å fråtre stillinga den gongen, men seier til Khrono at høgskulen insisterte på at han skulle bli verande.
No er 69-åringen tilbake i rekkene til høgskulen, med giv og motivasjon, og attpåtil ei heilt ny rolle og tittel.
- Eg ringde 14. september og sa at no kjem eg tilbake, seier Grimstad.
Skal ikkje skrape på dørene til myndigheitspersonar
I dialog med leiinga var Grimstad tydeleg på at han kunne vere tilgjengeleg som ein «døropnar».
Likevel kom det overraskande på han då telefonen kom frå administrerande direktør Solfrid Lind med spørsmål om å tre inn i ei heilt nyoppretta stilling som direktør for samfunnskontakt.
- Den kom ganske overraskande på meg og var veldig kjærkomen. Dette er veldig interessant og det er morosamt å få moglegheita til å forme ei slik stilling for ein så fra