Paret tok over den veglause garden i 1991. Det var mange oppgåver som venta, og ti år etter, i 2001, opna paret den nye gardsvegen. Vegen, med fyllingar opp mot sju meter, er 1,3 km lang.
Gavle fekk ca. 380 000 kroner i netto støtte frå Odda kommune til vegen. Han kjøpte inn anleggsmaskiner og gjorde ein del av arbeidet sjølv, blant anna bora han rundt 3800 skytehol for hand. Det er køyrd på over 10 000 m³ masse til gardsvegen.
- Eg leigde inn to andre firma, i tillegg til eigeninnsatsen, til arbeidet. Vegen er lagt gjennom ei steinrøys, for å spare kulturlandskapet, og vi sprengde vekk mange store steinar. I den største, som var over sju meter høg, var det 63 lastebillass med stein, seier Gavle.
Sauer og lokalmatMarit Garberg og Anders Gavle har rundt 80 vinterfôra sauer på garden. Dei har bygd selskapslokale med produksjonslokale i kjellaren, og tar imot gjester til små og store selskap.
Paret produserer pølser, spekemat, karbonadar og pinnekjøt, av lam og viltkjøt, for servering og sal på garden, og arrangerer også firmaturar og blåturar. Dei har alle rettigheiter i lokalet.
Snart to år med nedstenging har gått hardt utover drifta. I tillegg vart vegen opp til garde