Uniforum
21.09.2018
Skuleelevar frå heile Oslo-området strøymer til Forskingstorget på Universitetetsplassen i dag trass i uvêret. Men stormvarselet klokka 17.00 har fått arrangørane til å stengja ein time tidlegare enn planlagt, altså klokka 16.00.
BABYSPRÅK: Stipendiat Kristina Miljeteig frå Psykologisk instittutt forklarar korleis babyar klarar å skilja alle lydar i alle moglege slags språk til ei lydhøyr forsamling av fire skuleelevar.
Les merFoto: Martin Toft
Det er seksjonssjef Jon Vollset i prosjektorganisasjonen for Forskingstorget som opplyser det til Uniforum.
- Då klarer me å få vekk dyrt utstyr og lause gjenstandar før det verste uveret tar til, seier han.
- Let seg ikkje skremma
Vollset er nøgd med oppslutnaden så langt.
- Skuleelevane og dei andre besøkjande let seg ikkje skremma av regnbygene. Og det hyggelegaste av alt er at alle utstillarane er svært nøgde med plassane dei har fått på Universitetsplassen, fortel han. No håpar Vollset at endå fleire kjem til Fors