Onsdag lanserer Coalition S kravet om at alle forskarar finansiert av forskingsråd i land som er med i den såkalla Plan S må forplikte seg til å behalde rettane til fagfellevurderte forskingsartiklar.
I Noreg betyr det i praksis at alle, utan unntak, som får offentlege pengar frå Forskingsrådet ikkje lenger har lov til å gi frå seg opphavsretten til publiserte vitskapelege artiklar. Kravet skal gjelde frå januar 2021.
Partnarane bak Plan S håper dette skal få forlag som i dag ikkje praktiserer direkte og gratis tilgang, utan opphald, til å endre publiserings- og finansieringsmodellane sine og la betalingsmurane falle.
«Revolusjon» godt i gang
- Forskaren og institusjonen skal ha opphavsretten, og dermed retten til å arkivere og gjere artiklane tilgjengelege. Vi trur dette er noko alle tidsskrift må og vil akseptere. Vi er i tett dialog med redaktørane for dei største tidsskrifta, og forlaga har sagt at dei ønskjer å finne gode modellar for å vere i samsvar