Fagbladet
01.07.2022
Avdelinga hennar har fått ni av ti flyktningar i arbeid. Flyktningsjef Aud Lisbeth Lillebostad har også opplevd å løfte ei kald og gråtande jente på to år ut av ein gummibåt full av vatn.
- Me kunne ha busett dei over 120 flyktningane her og no. Folk har ringt inn og meldt ifrå at dei har bustader klare, seier Aud Lisbeth Lillebostad rett etter kommunen hennar sa ja til å ta imot folk på flukt frå krigen i Ukraina. I år vil Aukra kommune ta imot svært mange flyktningar, målt per innbyggar. Lillebostad er einingsleiar for innvandring og integrering i øykommunen i Romsdal.
Les merFolkemøte og støtte
Rett etter at kommunen sa ja til å opne dørene for flyktningane blei det arrangert eit folkemøte. Bedrifter, frivillige, lag og organisasjonar møtte folk frå kommunen for å planlegge kor