AddToAny

Fleire droppar eksamen i medikamentrekning

Fleire droppar eksamen i medikamentrekning
Kravet har vore null feil på skuleeksamen. Fleire utdanningar i sjukepleie droppar no eksamen som har vore mange studentars skrekk.
Eksamen i medikamentrekning er frykta blant mange sjukepleiestudentar. Her reknar ein rett og slett ut mellom anna kor mykje legemiddel ein skal ha, til dømes utifrå kroppsvekt, eller over kor lang tid ein skal gi medisin intravenøst.

Kravet har vore at ein må ha alt rett på eksamen, og ikkje kunne medikamentrekning når du kjem ut i arbeidslivet kan kome til å kosta liv og helse hjå pasientane.

Men i den nye Forskrift om nasjonal retningslinje for sjukepleiarutdanning, som gjeld frå studieåret 2020/21, er det ikkje lenger krav om at ein må gjennomføra ein stor eksamen.

Nokre går vekk frå skuleeksamen

Denne forskrifta skal sikra eit nasjonalt likt nivå, og det er lista opp mange dugleikar studentane skal tileigna seg.

I den nye forskrifta heiter det at ein skal kunne «planlegge og gjennomføre forsvarlig legemiddelhåndtering, herunder legemiddelregning, og kvalitetssikre den enkelte pasients legemiddelbruk».

Dette betyr i praksis at nokre av utdanningsinstitusjonane har gått vekk frå den klassiske skuleeksamenen. Andre ønskjer å halda fast ved denne prøveforma.

Ikkje berre rekning

- Me ønskjer at utdanningsinstitusjonane etter kvart vert samde om eitt opplegg, som alle brukar i undervisninga. Målet må vera at det vert eit standardisert undervisnings- og opplæringstilbod i legemiddelhandtering.

Det seier Kent Hanssen, nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Student, til Sykepleien. Fagbladet har spurt alle institusjonane som tilbyr sjukepleieutdanning, og funne at det no er tre som så langt har gått vekk frå den klassiske medikamentrekningseksamenen: Høgskulen på Vestlandet, NTNU og Høgskolen i Innlandet.

- I den nye forskrifta er det ikkje krav om testform. Hos oss vil det difor ikkje verta ein eksamen, men medikamentrekning vil vera eit arbeidskrav i tre ulike emne hos oss. Me kjem til å testa studentane tre gongar gjennom studieløpet, og denne testen må vera feilfri.

Det seier Dagrun Kyrkjebø. Ho er viseinstituttleiar ved Institutt for helse og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

HVL og NTNU droppar

Kyrkjebø seier at ho meiner det nye undervisningsopplegget er vel så bra som det gamle - om ikkje betre.

- No vert læringsutbytte som omhandl

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt