Khrono
11.08.2022
Det er i dag paradoksalt nok restriksjonar mot bruk av nynorsk når det gjeld skilting ved UiB, skriv leiaren i språkpolitisk utval, og oppmodar til meir skilting på nettopp denne målforma.
Universitetet i Bergen (UiB) har som offisiell språkpolitikk å styrkje nynorsken. Det kjem til uttrykk i dei språkpolitiske retningslinjene. Der heiter det at UiB har eit særleg ansvar for at nynorsken skal vere eit viktig språk i høgare utdanning, og at det skal vere tilnærma lik fordeling mellom nynorsk og bokmål i informasjonsmateriale og kommunikasjon ved institusjonen.
Les merKorleis ser så dette ut i praksis? UiB sender kvart år målbruksrapport til Språkrådet, og desse rapportane viser at UiB vekslar mellom nynorsk og bokmål på ein systematisk måte. Det får UiB med rette ros for frå Språkrådet. UiB si leiing ved rektor Margareth Hagen har elles vist tydeleg engasjement for språkpolitikk generelt, inkludert nynorsken. Samtidig er det felt de