AddToAny

Fire institutt vil vere saman, men ikkje fusjonere

Fire institutt vil vere saman, men ikkje fusjonere
Fire institutt er i samtalar om utvida samarbeid eller felles konsern. - Men vi ønskjer ikkje fusjon, seier påtroppande direktør i Norsk institutt for vannforskning.
Trenden mot store forskingsorganisasjonar held fram. I dag er Sintef og Norce dei to store forskingsselskapa i Noreg. Men i november vart det kjend at fire institutt har samtalar om utvida samarbeid eller mogleg forskingskonsern: Norsk institutt for vannforskning (Niva), Norsk institutt for luftforskning (Nilu), Institutt for energiteknikk (IFE) og Norges Geotekniske Institutt (NGI).

No seier påtroppande administrerande direktør Tor-Petter Johnsen i Niva at det ikkje vil bli snakk om fusjon, der alle institutta er samla i éi juridisk eining.

- Vi skal vurdere ulike former for samarbeid, og eitt av dei er eit felles forskingskonsern. Men til forskjell frå Norce ønskjer vi ikkje fusjon, seier Johnsen til Forskerforum.

Tor-Petter Johnsen.

Etter at Norce vart oppretta i 2017, er seks tidlegare forskingsinstitutt fusjonerte og innlemma i konsernet. Johnsen er skeptisk til denne løysinga:

- I Norce er alle organisasjonane fusjonerte inn i eitt felles selskap, som skal koordinere alt frå administrative system til tilsetjingsvilkår. Det er ikkje denne konsernmodellen vi ønskjer oss, seier han.

Johnsen seier organiseringa ved Sintef kan vere aktuelt å sjå nærare på.

- Der er det ei overbygning med fleire underselskap. Men vi skal vurdere ulike modellar.

- Vil styrke det tverrfaglege

Ifølgje Johnsen har alle dei fire institutta ein sterk økonomi.

- Institutta våre har eit solid driftsoverskott, i motsetning til nokre av organisasjonane som vart innfusjonert i Norce, og som førte til ein oppstart med reduksjon i bemanninga.

- Men kvifor då bli konsern?

- Verda rundt oss stiller aukande krav til tverrfagleg forsking, blant anna ved søknader til Forskingsrådet og til EU. Dei fire institutta har kvar for seg ein styrke innanfor energi-, miljø- eller klimaproblematikk, så fagleg sett vil vi stå sterkare både ved eit tettare samarbeid og i eit felles konsern, seier Johnsen.

Tillitsvald Dag Øystein Hjermann i Forskerforbundet ved Niva er ikkje bekymra for planane.

- Eg opplever at det blant dei tilsette er ei positiv innstilling både til tettare samarbeid og oppretting av eit felles konsern. Det er viktig å ta vare på eigenarten vår, men også at vi kan opptre som ei eining ved store søknader til Forskingsrådet og EU, seier han.

Nina ønsker evaluering

I november 2018 hadde Niva og Nilu innleiande samtalar med Norsk institutt for naturforskning (Nina) om tettare samarbeid med tanke på eit felles konsern. Men Nina trekte seg ut.

- Vi valde å ikkje gå vidare med samtalane, men vi ønskjer sjølvsagt framleis å samarbeide på prosjektnivå, seier administrerande direktør Norunn Sæther Myklebust i Nina.

Ho saknar ei evaluering av omorganiseringane og fusjonane i sektoren dei siste åra. I den nye strategien for instituttsektoren, som regjeringa la fram i vår, heiter det at ei evaluering av strukturendringa vil vere nyttig for framtidige strukturprosessar.

- Den evalueringa ser eg veldig fram til. Forhåpentleg vil ho vise om det løner seg både fagleg og økonomisk å bli endå større, seier Myklebust.

Image-text:

Fire institutt vil samarbeide tettare. Frå venstre: Nils Morten Huseby (IFE), Greta Bentzen (Niva), Kari Nygaard (Nilu) og Lars Andresen (NGI). Påtroppande administrerande direktør Tor-Petter Johnsen i Niva er ikkje med på biletet. Foto: Niva

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt