AddToAny

Fire av ti forskarar seier dei har gjort noko diskutabelt

Fire av ti forskarar seier dei har gjort noko diskutabelt
40 prosent av forskarane som deltok i ei stor undersøking om forskingsetikk, seier at dei har gjort noko som kan definerast i kategorien diskutabel praksis. Men kor går grensene?
- Dette skjer. Det har eg sett på nært hald, seier professor Matthias Kaiser til På Høyden.

Han snakkar om såkalla gåveforfattarskap.

Er det gale å føra ein forskar opp på forfattarlista sjølv om vedkomande strengt teke ikkje har bidrege til akkurat denne artikkelen? Å gjera dette har fått namnet «gåveforfattarskap». Det er ein av dei diskutable praksisane - på engelsk questionable research practices, QRP, som vert omtala i den nye rapporten om forskingsetikk.

Prosjektet heiter Rino - Research Integrity in Norway, er eit samarbeid mellom UiB, HVL og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, og Kaiser er prosjektleiar. Han fortel:

- Eg var medforfattar på ein artikkel i utlandet. Førsteforfattaren var ein ung forskar. Ho hadde fått beskjed frå instituttleiar om at han skulle stå på forfattarlista - sjølv om bidraget hans var å stilla på eitt møte. Me andre sa at dette ikkje var greitt, og heller ikkje i tråd med lovverket, men kom fram til at me berre måtte gi oss sidan instituttleiaren stod på sitt. Elles kunne det vorte ei konflikt som hadde gått utover den unge forskaren sin karriere.

Diskutabelt

I første del av rapporten, som vart gjort kjent i fjor sommar, kom det fram at ein sv�

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt