Uniforum
07.12.2021
Klima- og miljøstrategi og kompensasjonsmillionar til Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum og odontologi er mellom sakene som kjem opp i dagens møte i Universitetsstyret.
No klokka 8.30 startar det digitale møtet i Universitetsstyret. Det er årets siste møte, og der skal medlemane mellom anna diskutera eit forslag om at musea og odontologi skal få til saman 61,6 millionar i koronakompensasjon for tapte inntekter.
Les merOgså det reviderte forslaget til ny klima- og miljøstrategi kjem opp til diskusjon i møtet, men den endelege strategien skal ikkje vedtakast før i februar neste år.
Universitetsstyret skal også ta stilling til universitetsdirektøren sitt framlegg til korleis UiO bør revidera 2022-budsjettet i samsvar med forslaget til statsbudsjett for 2022. Den største hovudpina der er kuttet på 204 millionar kroner på grunn av ein ny modell for innbetaling av premie for pensjon. Universitetsstyret blir bede om å fordela kuttet til fakultet og andre einingar med grunnlag i den delen av lønnskostnadene deira som går ti