I eit lengre perspektiv er formålet med RETHOS å redusere bruken av rammeplanar og i større grad overlate utviklinga av læringsutbyte til eit samarbeid mellom utdanning og næringsliv. Ved å redusere ulikskapane mellom profesjonane kan arbeidskrafta bli meir fleksibel og betre tilpassa neoliberale styringsideal.
RETHOS er eit output-/sluttkompetansebasert styringsverktøy. Det vil sei at RETHOS skildrar kva kandidaten kan når vedkomande får tildelt bachelorgraden, og ikkje kva kandidaten måtte gjere for å oppnå ein bachelorgrad.
Staten vil ha større nasjonal styring med utdanningane
Bakgrunnen for RETHOS er at staten vil ha større nasjonal styring med helse- og sosialfaglege utdanningar, og at helse- og velferdstenestene vil ha meir innverknad på innhaldet i helse- og sosialfaglege utdanningar, slik at nyutdanna kandidatar i større grad er førebudde på arbeidsoppgåvene og arbe