Men eg har ikkje vore på Astruptunet med dei. Kunstutstillingar? Gløym det! Det er så fort å tenkje at ungane må få utfalde seg i naturen eller dei må "få av seg litt energi".
Eg har blodtrimma ungane reint fysisk, medan kulturkondisen derimot, er ikkje særleg godt trent. Vi er andpustne etter eitt lite galleribesøk.
Den flinke forteljaren
Heldigvis finst det mange flinke foreldre som kombinerer ein aktiv livsstil med kultur-input, og i bygdene våre er fleire kulturtilbod retta mot born. Og ja, idrett og friluftsliv høyrer også inn under det utvida kulturbegrepet. Oppmodinga her går til reiselivet.
No vil regjeringa satse meir på eit kulturbasert reiseliv gjennom tettare koplingar mellom kultursektor og reiselivsnæring, men den føretrekte gjesten er den vaksne turisten. Det er forståe