I eit skriftleg spørsmål til finansminister Siv Jensen (Frp), spør stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) om det er urimeleg at også pensjonerte bussjåførar må betale skatt for det såkalla frikortet sitt. Finansministeren avviser at dei nye reglane er urettferdige.
- Dette svaret viser at regjeringa ikkje vil ta omsyn til verken at transportnæringa tidlegare har hatt unntak for skatteplikt eller at pensjonistane eigentleg har betalt for frikortet gjennom eit aktivt yrkesliv med lågare lønn, skriv Ap-politikar Ingrid Heggø i ein e-post til FriFagbevegelse.
Skattefri grense
For bussjåførane er frikortet nemleg ein rett som er framforhandla mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane i staden for høgare lønn. Frikortordninga gjeld også for bussjåførar som