Uniforum
22.05.2020
- Me har framleis ikkje bestemt oss for om Noregs idrettshøgskule skal overførast til Statens husleigeordning og forvaltast av Statsbygg. Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Det var onsdag denne veka det blei klart at regjeringa hadde bestemt seg for å lata fem av dei universiteta som forvaltar sine eige bygningar og eigedomar om å få halda fram med det, og ikkje gi den oppgåva til Statsbygg.
Les merDet var ein gledens dag for dei fem, men tidlegare hadde det alltid vore seks institusjonar som i fellesskap hadde kjempa mot forslaget om å lata Statsbygg overta som forvaltar av bygningane deira. På onsdag var gjengen på seks blitt til fem fordi Noregs idrettshøgskule skulle behandlast serskilt, og regjeringa ynskte det skulle vurderast om bygningane og eigedomane til den institusjonen likevel skulle bli ein del av porteføljen til Statsbygg. Det kom overraskande på rektor Lars Tore Ronglan:
- Det kom heilt ut av det blå at regjeringa har sett Noregs idrettshøgskule utanfor, sa han til Uniforum rett etter at d