Uniforum
26.03.2018
No er den engleliknande figuren framfor Niels Henrik Abels hus på Blindern vel framme i København. Der skal Medianfiguren reparerast for skader påført av ver og vind.
REISEKLAR: "Engelen" vert tatt hand om av mannskap frå Bevaring og Naturvidenskabs Skulpturværksted ved Nationalmuseet i København. Dei plasserer figuren i ein kasse, før ferda skal gå vidare med danskebåten til Danmarks hovudstad.
Les merFoto: Ola Sæther
Det var på torsdag 22. mars mannskap frå Nationalmuseet i Danmark kom til Blindern for å ta med seg Medianfiguren på danskebåten til København. Der skal figuren behandlast av ekspertar ved Bevaring og Naturvidenskabs Skulpturværksted ved Nationalmuseet i Danmark.
- Best på sink
Kurator Ulla Uberg ved Universitetets kunstsamling forklarar gjerne kvifor.
- Medianfiguren er laga av sink. Dette er eit krevjande og skjørt materiale og profesjonell hand