Norsk Landbruk
15.11.2018
Slit du med sporer i mjølka? Fatt mot. Det treng ikkje vere du som gjer noko galt. I 2016 besøkte eg Lista for første gong. Vintervêret var like skiftande der som eg er van med heimefrå.
Det var mildt, med kuling og regn den eine dagen, og ein nydeleg vårdag den andre. Midt i februar fekk eg årets første bilde av gjødsling med gylle. På denne turen besøkte eg brørne Arne og Sven Gunnar Kolnes. Førsteinntrykket som eg fekk på Kåde gård, var ikkje så veldig spesielt. Bøndene me besøker er oftast både hyggelege og flinke, og har ei positiv og god historie å fortelje.
Les merSlik var det denne dagen på Lista også. Eg fekk ei kort omvisning i den nye fjøsen, fekk sjå korleis fôringslogistikken var og sett på fôringsdyra i den gamle fjøsen. Eg kan ikkje lenger hugse om eg hadde eit spesielt mål med besøket, eller om historiane berre blei til i løpet av praten rundt lunsjbordet i fjøsen. Eg kom i alle fall tilbake me