Det kan framstå som nokså uforståeleg at dette skjer når begge landa har meir enn nok av utfordringar å løyse internt. Men det er nettopp desse interne problema som kan forklare kvifor det skjer ein eskalering akkurat no.
Stridens kjerne er Al-Fasheqa-triangelet, eit grøderikt jordbruksland som strekkjer seg frå grensa til Eritrea i nord og sørover langs grenselinja mellom Sudan og Etiopia, med delstatane Tigray og Amhara på etiopisk side og Kassala, Gedaref og Sennar på sudansk side. Plassert mellom tre elver (Atbara, Angareb og Setit) er dette triangelet svært attraktivt for kommersielle jordbruksaktørar og som beiteområde for store husdyrflokkar frå begge sider av grensa.
I november 2020, like etter at etiopiske styrker hadde gått inn i Tigray, tok sudanske forsvarsstyrker kontroll på land i Al-Fasheqa som vart dyrka av etiopiske bønder og beskytta av milits frå Amhara. Etter kampar mellom sudanske styrker og Amhara-milits hevdar Sudan no å ha kontroll på store deler av triangelet. Det er imidlertid rapportert om kampar lengre sør langs grensa, og det er observert eritreiske styrker, som kjempar side om side med Abiy Ahmed i Tigray, så langt sør som Basunda i sørlege Gedaref i mars 2021. Dette inneber både ein geografisk utviding og eskalering av konflikten, og gjer det endå meir naudsynt å få til ein forpliktande forhandlingsprosess.
Tilbake til kolonitida
Striden om grensa mellom Etiopia og Sudan er ikkje ny, men strekkjer seg heilt tilbake til kolonitida, då Sudan var under britisk kontroll. Sidan det første forsøket på britisk grensedraging i 1902 har dei to landa vor