AddToAny

Ein liten by i Trøndelag har fått eit universitet i fanget.

Ein liten by i Trøndelag har fått eit universitet i fanget.
Det heiter ikkje høgskule no lenger. Heretter heiter det universitet.
Levanger (Khrono): Historieprofessor Kjetil Jakobsen er henta inn frå campus Bodø denne sure februardagen tidleg i det 21. hundreåret for å gi ei innføring på åtte minutt før paneldebatten om kva vi snakkar om når vi snakkar om universitet og universitetsbyar.

Han har Ibsen gegen den Provinzializmus, Ibsen mot provinsialismen, på publikasjonslista, er ekspert på kosmopolitisme og har tre år på baken frå sjølvaste Humboldt-universitetet i Berlin. Han fleipar om sluddbygene som har nyansert bildet av Røstad i Levanger som den vakraste campusen aust for California, som fleire seier at Gudmund Hernes har sagt at det er, før han skiftar ark på powerpointen, og tusen års universitetshistorie flimrar gjennom det fullsette lokalet:

Bologna, Padova, Paris, Oxford,

- Universitetet er ein endringsmaskin, seier Jakobsen, universitetet blir endra med tidene og universitetet endrar tidene, eller noko i den retning. Ein by med eit universitet blir fylt av kritiske sjeler som med sine spørsmål til det beståande får ting til skje og gjer endring til ein normaltilstand.

Levanger

Når dei samfunnsvitskaplege disiplinfaga får samla seg og slått rot på campusen på Røstad, slik planen til Nord universitetet er, vil endringsmaskinen skyte fart, trur professoren, bylufta i Levanger vil gradvis bli friare.

Professoren snurrar rutinert på vinglaset.

Plakatar er distribuerte med spørsmålet: «Universitetsmetropol eller mini-campus?».

- Når alle desse kritiske samfunnsforskarane kjem hit, vil vi få ei meir kritisk offentlegheit, seier Jakobsen.

Litt seinare på kvelden, etter litt mikk-makk med mikrofonar, skal han få eit slags svar på tiltale.

Svin, mjølk, industri

Som mange vil ha fått med seg er Levanger for lengst blitt universitetsby som følgje av fusjonar av gamle høgskular. Levanger har dessutan, som følgje av den turbulente studiestrukturprosessen, blitt utropt til ein av to hovudcampusar i det langstrekte Nord universitet, saman med storebror Bodø.

Kva betyr det?

For det første fleire studentar, tilsette, pengar og prestisje. Og eit heseblesande ritt for å innfri styresmaktene sine talfesta krav til forsking, publikasjonar, doktorgradar og professorat dei meiner er eit universitet verdig.

Men kan Levanger bli ein ekte universitetsby? Og kva er eigentleg det, eit stykke inn i det 21. århundret?

For dei som kjem til Levanger for første gong er kanskje den vakre og urbane bykjernen med trehus i jugendstil tett i tett det mest slåande - i tillegg til dei heller tomme og livlause gatene rundt dei. Byen er omkransa av frodig og produktivt jordbrukslandskap, kommunen er den største mjølkeprodusenten og nest største svineprodusenten i Trøndelag. Industrien står sterkt, med Norske skogs fabrikk på Skogn som mangeårig spydspiss.

Lokalpolitikken har tradisjonelt vore totaldominert av Arbeidarpartiet. No har distriktsopprørspartiet Senterpartiet tatt over.

Her er sjukehus, som med sine arbeidsplassar bidrar til det høge utdanningsnivået i Levanger. 35 prosent av levangsbyggane (person frå Levanger) har høgare utdanning, berre i Trondheim er talet høgare blant kommunane i Trøndelag.

Her er utdanning i rikt monn, det har vore lærarskule i Levanger i godt over hundre år før ordet campus lurte seg inn i det norske språket, nærare bestemt sidan 1892. I 1994 fusjonerte lærarskulen inn i Høgskolen i Nord-Trøndelag, i 2016 fusjonerte Høgskolen inn i Nord universitet.

Kommunen brukar litt under landsgj

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt